fredag 21. november 2008

Familien Sajedi fekk frist på seg til i går om å forlata Noreg. Men det var uaktuelt for dei. Ingen reiser friviljug til Iran. Dei har spurt Kristkyrkja på Stord om hjelp, og er no på ein sikker plass. Be no om at me som jobbar med saka deira skal klara å finna fram til nye opplysningar i saka som vippar det heile i familien sin retning.



Og be for familien, til dømes kan du be slik: "Herre Jesus! Du som kom til vår verd og vart mistrudd og avvist av dine eigne. Styrk hjarto til alle flyktningar som vert mistrudde og avviste av norske styresmakter, og som kjenner angsten snøra seg om hjarta. Fyll dei med din fred, og gje dei full tillit til di omsorg og di leiding og til din suverenitet. Bevar dei mot all fare og lat den stormen dei no lever i stilna. Di er makta og æra frå no og for alltid. Amen."



Be også for ei kvinne på 37 år, Ann Catrin, som har fått ein hissig brystkreft som har spreidd seg til levra. Be om lækjedom og frelse for henne.

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....