Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Rawat tyder prins, og rawatfolket er av høgare kaste. Dei er godseigarar, og har eit positivt syn på kunnskap og utdanning. Dei tilber fleire gudar. Viktigast er familieguden Ashapridebi. Men viktig er også dei regionale gudane Bherujee and Matajee.
Gode Far i himmelen! Må rawatfolket i India bli bada i ditt lys. Driv dine gode tenarar ut for å hausta dei inn i ditt rike. Opna augo deira slik at dei ser deg. Fri dei frå djevelens makt og frå syndas skuld og makt og forvandla av Den Heilage Ande. Etabler di kyrkje i rawatfolket, ei kyrkje som er full av din evige kjærleik, av lys, og himmelkraft. Amen!
Verdas befolkning er i dag 7,1 milliardar menneske.
Dei grøne områdene syner kor kristendomen er vel etablert.
Dei gule kor kristendomen stort sett er nominell.
Dei raude områda syner kor folk i hovudsak er uberørte av det kristne evangelium.
I 2015 var 2,3 milliardar registrerte som kristne.
1,8 milliardar var muslimar
1,2 milliardar var ikkje-truande
1,1 milliard var hinduar
500 millionar var buddhistar
Den religionen som veks mest i prosent er islam. Denne veksten kjem i hovudsak av høge fødselstal og ein ung befolkning.
I dei kristne landa er gjennomsnittsalderen og dødsraten høg. Det fører til ein liten tilbakegang i talet på kristne totalt. Kristne i denne samanhengen er personar som identifiserer seg sjølve som kristne utan å ta omsyn til om dei er praktiserande eller engasjerte. Men det gledelege er likevel at talet evangeliske kristne veks fortare enn talet på nye menneske på jorda.
Det er grunn til å påpeika at i 1960 var det 45 millionar evangelisk kristne i verda. I dag er talet 475 millionar.
Pew Research Center kalkulerer med at det vil bli fødd fleire barn av muslimske foreldre enn kristne foreldre rundt 2035. I statistikken under sett i "krystallkula" og berekna kva som vil skje fram mot 2060. På den tida ser dei at islam og kristendomen vil vera om lag like store.
DAGENS BØN:
Det einaste adekvate svaret for den kristne kyrkja på desse tala er inderleg bøn til Gud og ein ny og seriøs overgjeving til Oppdraget. Be om at Gud skal helga kyrkja si, utrusta henne, reisa einkvar kristen opp til eit kraftfullt vitne og senda arbeidarar ut for å hausta menneska inn i hans familie.
Nunufolket i Kina tel berre 62000 menneske. Dei lever avsides, har sin eigen religion og sitt eige språk. Ingen har enno funne strevet verd å fortelja dei om Jesus. Be om at haustens Herre skal senda folk ut for å hausta inn nunufolket.
I dag ber me
* for Arbeiderpartiet, at Gud skal gje leiarane visdom til å handla rett i ein pressa situasjon, og at Trond Giske skal forstå kva situasjonen krev av han, og at dei alle skal søkja Gud.
* for regjeringsforhandlingane, at forhandlarane skal vera konstruktive og rause med kvarandre, og ha vilje til å ta naudsynte kompromissar.
* for Iran, at demonstrasjonane må føra til reell endring i landet, at prestestyret skal falla, at det ikkje skal bli brukt våpen mot sivile og at det som no skjer skal tena Gud og hans kyrkje i landet.
Be om at kong Jesus skal ta kontroll over dei involverte og situasjonane.
* Be også for ein ny kristen i Iran. Me kan kalla han Amir (hans rette namn kan eg ikkje skriva). Han melder meg og fortel at han er sjuk. Be om at Jesus skal hjelpa han.
390 767 km2. 13 800 000 innbyggjarar. Hovudstad: Harare. 97,8% er bantuar frå ulike stammer.
Offisielt språk: Engelsk. Antal språk: 22. Alle er bibelspråk
Zimbabwe gjennomførte sine første frie val i 1980, etter mange års krig mot det kvite mindretalsstyret. Robert Mugabe vart president, og har etter den tid degenerert som leiar, køyrt landet i kne på alle måtar og vart i sist månad avsett av dei militære, og visepresident . Emmerson Mnangagwa kom inn og tok plassen hans. Om det fører til noko som helst, gjenstår å sjå.
Dei siste åra har mellom 25 og 50% av befolkninga flykta frå landet. Mykje av grunnen til dette er HYPERINFLASJON. Dei pengane folk får utbetalt den eine dagen er ingenting verd den neste. Det er ein av dei store nasjonale katastrofane i vår tid. Arbeidsløysa i Zimbabwe er 90%. Forventa levealder er under 44 år.
Kyrkja i Zimbabwe har hatt ein markant vekst midt i alle prøvingar staten har påført befolkninga og dei truande. I alt vanstyre er kyrkja blitt ein oase, eit fyrtårn og ei von for menneska. Det føregår ei massiv og målbevisst kyrkjeplanting i landet, og dei truande når måla sine. Tusenvis av nye kyrkjer blir planta kvart år. Be om at nye truande må læra seg å leva som Jesu disiplar, og om at nye leiarar av rett format skal bli skapte og forma.
Be om at landet skal bli kvitt inkompetente, uærlege, brutale, kriminelle, nepotiske, bedrageriske og sjølvopptekne leiarar, og bli velsigna med gudfryktige leiarar, sanne, heilstøypte demokratar med ei høg ånd som styrer skuta etter Guds gode ord, og som respekterer Menneskerettsfråsegna.
Skule og utdanningssystemet, samt helsestellet, har kollapsa. Be om attreising.
Etter at Robert Mugabe stal jordbruksland frå dei kvite og gav det til inkompetente krigsveteranar, har matproduksjonen stoppa opp. Landet som før var ein eksportør av mat, er no avhengig av matvarehjelp frå utlandet. Folket har måtte brødfø seg på jakt, og meir enn 2/3 av alle ville dyr er blitt utrydda dei siste åra. Be om gjenoppbygging av landbruket.
AIDS-epedemien tek 2000 menneskeliv per veke. Be om at folket skal venda om frå seksuell promiskuitet, at dei lærer seg å leva reint og halda seg til ektefellen sin.
All død og emigrasjon har tappa Zimbabwe for kompetanse. Be om at gode folk må venda attende til heimlandet og starta gjennoppbygging av landet.
Be om at kyrkja skal bli ei profetisk stemme overfor styresmaktene, og ansvarleggjera dei styrande innfor Gud.
Be om einskap mellom dei truande. Det har vore enormt mykje splitting i den evangeliske og protestantiske leiren.
Be om at kyrkja skal bli reinsa for okkulte praksisar som dei truande har med seg frå den animistiske fedretrua.
Be spesielt for byane. Slumområda esar ut, kriminaliteten rår, lov og rett har stoppa opp og få kjenner Kristus der.
Areal: 762 618 km2. Hovudstad: Lusaka. Landet ligg på eit slette med ei gjennomsnittleg høgde på 1138 m.o.h. Her er det ein ufatteleg natur der Victoriafalla i sør tek førsteprisen. Elles er det vide savanner med eit rikt dyreliv.
Folketal: 16 millionar. Dei fleste bur i byar lange jernbanelinja mellom Congo og Zimbabwe. Mange i slum. Forventa levealder er 44 år.
Fekk sjølvstende i 1964. Eittpartisystem fram til 1991. Etter det parlamentarisk demokrati.
Næringsliv: Gruvedrift, i hovudsak utvinning og foredling av koppar. Elles har dei mykje vasskraft. Og sjølvsagt er det mange bønder. Dei siste åra har landet fått mange kinesiske og indiske investorar, noko som er ein del av desse landa sin nykolonisering av Afrika.
AIDS fører til massedød og mange foreldrelause barn.
Det har vore god økonomisk vekst dei siste åra, men rikdomen er ulikt fordelt. Korrupsjon gjennomsyrer samfunnet. Over 85% av befolkninga lever under FN`s fattigdomsgrense.
Det er 80 ulike etniske grupper i Zambia som snakkar 72 ulike språk. Offisielt språk er engelsk. 46 språk har heile eller deler av Bibelen tilgjengeleg.
"Brain drain" er eit stort problem. Dei skarpaste hjernane og flinkaste folka emigrerer gjerne.
Zambia er frå 1991 eit definert kristent land med full religionsfridom. 75% er oppført som protestantar, vel 20% er romersk katolske. Trass i denne kristne profilen, og trass i at Zambia er ei øy av fred midt mellom land som lid under krig og konflikt, er kristentrua overfladisk, og det er lite å sjå av den forvandlande krafta i evangeliet.
Zambia tek imot hundretusenvis av flyktningar frå krigsherja naboland. Dette er ei stor utfordring for eit fattig land.
Flyktningane er sårbare for menneskehandel. Det skjer i stor grad.
Takk for fridomen som kyrkja har til å driva misjon utan avgrensningar
Be om at evangeliet må gå på djupet med folk og forvandla samfunet frå innsida
Be om at dei unådde folkeslaga skal bli nådde og få høyra evangeliet på morsmålet
Be mot grådighet og korrupsjon
Be om at dei flinke folka skal sjå det som eit kall å bli verande og leggja ned energi og tankekraft for å byggja landet
Be om at folket og kyrkja skal bli reinsa frå all type avguderi og okkultisme
Be om at landet skal få eit oppgåande og nærverande helsevesen
Be om at barn og unge skal få den grunnutdanninga som dei treng for å klara seg i ein moderne verden.
Be om at flyktningane i Zambia skal bli godt tekne vare på og få framtid og håp.
Be om at styresmaktene skal få ressursar nok til å handtera situasjonen
Be om at Gud skal stoppa menneskehandlarar, og gje styresmaktene kraft og klokskap til å demma opp for denne djupe uretten.
Jemen har ei rik kulturhistorisk fortid. Det var her det bibelske Saba, eller Sheba, låg, og me kjenner jo alle forteljinga frå 2. Kongebok om dronninga av Saba som vitja Salomo i Jerusalem.
Jemen har få naturressursar, og er det fattigaste landet i den arabiske verda. Store deler av den arbiedsføre befolkninga jobbar i andre land.
Jemen er i dag, med sine vel 28 millionar menneske, eit land prega av borgarkrig, og landet er utsett for ein saudiarabsik blokkade som fører til stor varemangel i landet.
Denne konflikten starta for alvor i 2011 under "den arabiske våren". Då kom misnøya med korrupsjon og arbeidsløyse opp i dagen og førte til at president SALIH måtte gå av til fordel for visepresiden HADI.
Befolkninga er svært ung, Gjennomsnittsalderen er ikkje meir enn 19 år. Difor vert lidinga som krigen påfører befolkninga ekstra stor. Millionvis av barn er råka av matmangel og hungersnaud, og mange, mange døyr av svolt i skrivande stund.
I 1990 vart Nord og Sør-Jemen samla til eitt rike. Sør-Jemen (tidlegare Aden) hadde frå 1967 vore styrt av eit marxistisk regime, eit ateistisk diktatur, medan Nord-Jemen var muslimsk og hadde ein flora av parti. Her låg alt til rette for djupe konfliktar. Nord-Jemen var det sterke part her, og slo brutalt ned eit opprør frå sør i 1994.
Marxismen er død idag. Men Al-Quaida, ISIS og den iranskstøtta hutumillitsen har funne fotfeste i landet, og gjort det til ein base for terrorhandlingane sine. I 2014 erobra hutumillitsen den vakre hovudstaden Sanaa. President HADI måtte flykta til Oman, og seinare til Saudi Arabia. Den tidlegare presidenten, SALIH, hadde då alliert seg med hutuane.
For ei veke si prøvde han forresten å forlata hutuane til fordel for gamle vener, men vart straks skoten og drepen av folk frå hutumillitsen.
I tillegg har Jemen vore tungt råka av krigen i Somalia og mange somaliarar har kome som flyktningar til Jemen.
Det høyrer også med til bilete at 80% av jemenittane dagleg rusar seg ved å tygga den narkotiske qat-planta. Store deler av jordbruksarealet går med til å dyrka dette svineriet.
66% av befolkninga er sunnimuslimar. 34% er shia. 0,08% er kristne.
Kristendomen var dominerande i dette området fram til dei kyrkja vart undertrykt og etter kvart utrydda av islamske hærar på 6 og 700-talet.
Dei få kristne som finst i landet i dag er utlendingar.
Be om at kongen over kongane skal intervenera i landet, gje folket frelse og nasjonen fred.
Be om at det skal etablerast ei levande etnisk jemenittisk kyrkje.
Be om at befolkninga skal slutta å dyrka qat og rusa seg på qat, og bruka jorda til dyrking av poteter, korn og grønsaker. Folket treng mat.
Be om at dei vaksne skal begynna å ta ansvar for barna sine og gje dei opplæring og skulegang slik at dei kan læra seg å lesa og skriva.
Be om måtar å få spreidd Bibelen på til den jemenittiske befolkninga, og at Guds bok skal bli omsett til socotri og mahri, språk som vert snakka på øya Socotri i Det indiske hav og langs grensa mot Oman.