fredag 20. februar 2015

Fastebøn III. Kom attende til vårt samfunn


"I Kristus har du vaska bort syndene våre slik at det ikkje lenger eksisterer noko liste hos deg over alt me har gjort galt . Me er fulle av ærefrykt når me tenkjer på din tilgjevande nåde. Men me har også eit håp, og me lengtar etter meir. Ikkje berre har du tilgjeve oss syndene våre, men du held fram med å arbeida i oss med tanke på å fri oss frå den forferdelege makta synda har i liva våre. Me rettar blikket mot håpet, skodar tillitsfullt etter ditt verk medan me ventar på at dagen skal gry. Me kan ikkje ein gong tenkja oss at du vil mislukkast i å forløysa folket ditt. Gjer ditt verk i oss slik at me lever og elskar som deg.

Du har kalla oss ut av vår åndelege sjukdom til å leva i di rettferd. Du kalla oss, ikkje fordi me var betre enn andre, men fordi me var sjukare av synda enn dei fleste, og me reknar oss sjølve mellom dei som du framleis lækjer. Store lækjar: Kom attende til vårt samfunn, kall folk i byen til deg slik at du kan fri dei frå subtile syndevanar som dei elles briskar seg over.

Så ber me i dag om at du skal møta alle arbeidslause i deira trong slik at dei kan takka deg for du tek vare på dei, og me ber om at dei snart må finna seg nytt arbeid, og æra deg for det. Opna du vegen for ein rettferdig handel slik at alle i  byen kan ha framgang pga di styring. "
Frå Global Day of Prayer

torsdag 19. februar 2015

Bøn i fastetida II. Syn oss kor stor du er

«Me veit kva det vil seia å bli imponert over vår eigen religiøse framtoning. Me kan sei alle dei rette orda, sjølv om hjarto våre er langt borte frå deg. Me er så veltrente i lovsongsrutinar at dei vert forutseibare og trygge. Me er mellom dei som har kome deg i møte utan å vera audmjuke av hjarta. Ver snill og bryt ned stoltheiten vår. Samla dei forvilla hjarto våre. Overraska oss med å syna oss kor stor du er, og lat oss bli slått av kor farleg du er. Gjer oss vilt begeistra over kor strålande vakker du er, slik at den tjukke skya av religiøs stoltheit og sjølvtilfredsheit dampar bort i stråleglansen av din herlegdom.»

Bøn i fastetida I

"Enno ein gong søkjer me deg om å bli fornya. Me har bedd slik før: Forny oss igjen! Kan me våga å be deg om å fornya folket ditt èin gong for alltid? Vekkjingar i tidlegare generasjonar har kome og gått, flamma intenst og så døydd ut. Kan du i din trufaste og usvikelege kjærleik senda oss ei vakkjing som varer? Me veit at vår kjærleik til deg har ein tendens til å bli borte, men din kjærleik sviktar aldri. Vis oss kva din evige kjærleik kan utretta. Tal med livgjevande kraft og styrk vårt vaklande håp. Send over oss den freden du lova. Berg oss på måtar som overraskar oss. Må heile byar bli lukka og pakka inn i di oppstodekraft slik at din herlegdom kan skina ut over heile landet vårt. Amen!"
Global Day of Prayer

søndag 8. februar 2015

Nigeriansk pastor brutalt drepen


Den svært ivrige og ansvarsmedvitme pastoren Josva Adah, vart den 23. januar brutalt drepen av krigarar frå Fulanifolket (saman med folk frå Boko Haram). Dei gjekk til åtak på han medan han han var på veg heim etter å ha besøkt omkringliggjande landsbyar i samband med ein evangelisk aksjon. Dette hende i delstaten Tabara nær byen Jalingo.

Pastor Adah vil bli hugsa for det store hjarta han hadde for dei fattige i området. I si teneste sørga han for utdanning, medisiner og klær til tusenvis av slike. Han var av den typen menneske som ikkje let seg styra av frykt, og trekte seg aldri ut av områder trass høg risiko. Han var ein hyrding som passa på flokken når ulven kom, vart ståande på sin post og måtte til slutt gje livet sitt for "sauene".
Kjelde: Mornig Star News.

Far i himmelen! Du har teke pastor Josva Adah heim til deg. Slik som han vart til velsigning medan han levde, lat han bli til enno større velsigning no då han er død. Trøyst familien hans, og må dei truande i området forplikta seg på å ta vare på kona til Josva og barna deira. Me ber om at nye modige kristne skal ta opp kappa til Josva Adah og sørga for at tenesta hans held fram, og at prosjekta hans berre veks seg enno større. Må du, vår gode Gud, stoppa valden mot di kyrkje i Nigeria. Det ber me om i Jesu namn. Amen!


lørdag 7. februar 2015

Dagen unådde: Badyarafoket i Guinea.

Badyarafolket i Guinea er eit minoritetsfolk som tel 9500 menneske. Til saman med små grupper i nabolanda tel dei 16500. Dei snakkar sitt eige språk. Det er ikkje føreteke bibeloversettingsarbeid til badyara, men det føreligg nokre lydopptak av evangelietekstar. Religionen er ei blanding av islam og animisme, såkalla "folkeislam", som er ganske vanleg i Afrika. Dei har den underlege skikken at alle menn MÅ gifta seg med ei kvinne dei ikkje elskar, elles misser han makta si over henne. Det er registrert nokre få kristne i dette folket, som elles må sjåast på som eit heilt unådd folkeslag.

Herre Jesus, frelsar og Herre! Sjå i nåde til badyarafolket i Guinea. Må lyset frå himmelen fløyma over dei og dra hjarto deira mot deg, og når dei ein gong får høyra evangeliet forkynt på sitt eige språk, må dei få sjå sanninga, at du elskar dei, tok bort syndene deria på krossen og forsonte dei med Gud med ditt eige blod, og at du og samfunnet med deg er den einaste vegen til frelse.

torsdag 5. februar 2015

Iranunfolket i Malaysia


Iranunfolket kjem opprinneleg frå Filippinane, og der bur framleis dei fleste av dei, i Malysia berre 17000. Dei er muslimar, men trur også på ulike ånder. Dei er veldig redde for desse åndene. Iranunfolket har så langt ikkje synt nokon interesse for evangeliet, trass i at det er blitt gjort fleire forsøk på å nå inn til dei. Dei snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er enno omsett til iranun. Kjelde: joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! Må iranunfolket få oppleva det store privilegiet det er å få ditt dyrebare ord forkynt på sitt eige språk. Gje dei Den heilage ande, og ta bort sløret frå hjarto deira slik at dei ser deg, og forstår at du er Gud og den einaste som kan frelsa dei frå synd og dom. Fri dei frå islams løgner, og frå alle åndsmakter som plagar, skremmer og forfører dei, og gjer dei til Guds barn ved trua på deg. Amen!

tirsdag 3. februar 2015

Dagens unådde: Bejafolket i Egypt

Bejafolket, som er ei grein  av den langt større folkegruppa Bedawi, vart kristna på 500-talet, men gjekk over til islam rundt år 1000. I dag er dei sufistar (sufi er ei mystisk grein av islam). Trua deira er imidlertid svært utvatna, og ho har sterke okkulte element i seg. M.a. driv dei med svart magi mot fiendane sine. Dei fleste bedawiane lever i Sudan (2,5 millionar), men 82000 bejaar lever i øvre Egypt. Nokre få er kristne. Dei snakkar sitt eige språk som kallast bedawivet.Deler av Bibelen er omsett til bedawivet. Kjelde: joshuaproject.net

Kjære Jesus!
Du gav livet ditt for bejafolket i Egypt, bar syndene deira oppå krossen og tok dei bort med ditt blod. Må evangeliet bli forkynt dei på ein slik måte at det grip dei i djupet av hjarta, og kan erfara frelsesunderet i liva sine. Me ber om at det skal veksa fram ei sterk bejakyrkje, eit fellesskap prega av Andens kraft og nærvær, ein by plassert på eit høgt fjell, ein tilfluktsplass for syndarar på ville vegar i denne regionen av Afrika. Amen! 


Beja, Bedawi in Egypt


Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...