søndag 25. mai 2025

Søndagsbøn

 Eg lovar og takkar deg, Far, fordi du også denne morgonen møter meg med smil og godhet.

Du er full av tilgjeving, nåde, sanning, kunnskap og visdom. Takk for at eg  får vakna til eit storslått og evig gyldig frelsesverk, til ein realitet som er så mykje større enn alt eg føler på: Eg er elska, og fullkoment helga av Jesus som gav livet sitt til og for oss alle. 

 Herre Jesus! Du er grunnvollen i livet mitt, den vegen eg går på, sanninga eg trur på, storebroren som aldri sviktar og den beste venen av alle. Også i dag vil eg følgja deg, og eg veit at berre i følgje med deg er eg trygg, og berre når eg er saman med deg, kan din plan for mitt liv realiserast. Hjelp meg å ikkje bli liggjande bak eller å vika av til høgre eller venstre, men halda meg tett inntil deg gjennom alle dagens timar. 

 Det er søndag, og me som elskar deg skal samlast i ditt namn for å æra deg, feira di oppstode  og lytta til deg. Takk for at me kan rekna med et du er der, og eg ber, stå fram for oss i dag og gje kvar enkelt som søkjer deg det dei treng for liva sine. Amen!








Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...