onsdag 21. mai 2025

Martyrkyrkja i Nigeria



Lidinga held fram for kristne i Nigeria. I Barikin Ladi - fylket i delstaten Plateau, vart tre kristne skotne og drepne den 3. mai. Dagen etter vart tre andre drepne. Den 6. mai vart ei grupe kristne angripne av medlemmer av den islamske staten (IS). Dei hadde reist og besøkt nokre landsbyar i delstaten Kaduna. Alle vart drepne. Dette for å nemna noko av det som skjer. Du kan lesa meir her: https://www.vomcanada.com/ng-2025-05-15.htm

Herre Jesus! Enno ein gong må me be om beskyttelse for kyrkja di i Nigeria. Trøyst dei som no sit att med tung sorg etter å mista sine kjære. Må det bli slik som Tertullian skreiv at "martyrane sitt blod er kyrkja sitt såkorn". Må det som djevelen her hadde tenkt skulle bli til tap, blir til siger for ditt rike. Amen! 

 

Ingen kommentarer:

Storbrann i Drammen

 Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt.  De...