Allmektige gode Gud!
Sjå i nåde til Ukraina, til det ukrainske folket, presidenten og dei styrande organa i landet.
Hjelp dei i nauda å venda om frå sine synder, snu seg mot deg, og overgje seg sjølv og landet sitt i dine hender
Herre! Reis deg mot Vladimir Putin, og stopp Russlands aggresjon mot Ukraina, set faste grenser for han og hans medarbeidarar, grenser som dei ikkje kan forsera. Reis opp englemurar mot dei russiske inntrengarane, og mot rakettane og dronene deira. La alle vonde planar mot Ukraina falla til jorda.
Herre, du er ein Gud som gjer storverk med din sterke arm. Du spreier dei som ber på hovmotstankar. Du støyter dei store ned frå truna, og lyfter dei låge opp.
Hjelp dei ukrainske styrkane å lukkast i motstandskampen, og velsign og beskytt interne russiske motstemmer, og me ber om ein snarlig russisk kapitulasjon og tilbaketrekking til internasjonalt godkjende grenser.
Reis ditt vern over Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Baltikum mot krig, øydelegging og okkupasjon.
Eg ber om ei markant åndeleg vekking over nasjonane våre, slik at høge og låge, rike og fattige, kvinner og menn, barn og unge snur seg vekk frå synda og overgjev liva sine til deg, du som er den rette kongen over alle verdas nasjonar. Herre, miskunna deg over oss alle!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar