Eg lovar deg Herre til alle tider,
og rosar meg av ditt namn.
For eg søkte deg,
og du svara meg og berga meg frå alt som skremde meg.
Dei rettferdige ropar, og du høyrer og bergar dei frå alle trengsler.
Du er nær hos dei som har eit sundbrote hjarta, og frelser dei som har ei knust ånd.
Mange ulukker råkar den rettferdige, men du frir han ut av dei alle.
Eg takkar deg, Herre, for at du vil dela alt godt med meg når eg søkjer deg.
Lær meg å frykta deg på rett vis, forkasta det vonde, og halda meg til det gode.
Takk for at augo dine følgjer meg heile tida, og at øyro dine lyttar til mine rop.
Takk at du bergar livet mitt, og at eg, ved å søkja tilflukt hos deg, aldri skal dømmast skuldig.
Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar