Austrheim ligg ute i havgapet heilt nordvest på Lindåshalvøya.
Folketal: 2881.
Folketal: 2881.
Kommunesenter Årås
Næringsliv: Industri. Oljeraffineriet på Mongstad ligg delvis i Austrheim, og gjev arbeid til mange. 58% av arbeidsstyrken pendlar til andre kommunar, dei fleste til Alver.
Næringsliv: Industri. Oljeraffineriet på Mongstad ligg delvis i Austrheim, og gjev arbeid til mange. 58% av arbeidsstyrken pendlar til andre kommunar, dei fleste til Alver.
Kyrkje og kristenliv: DNK har èi kyrkje som ligg i tettstaden Austrheim. Elles er det bedehus i Årås og i Leirvåg. I Leirvåg finn me også Betania, ein kyrkjelyd innafor Dei Frie Evangeliske Forsamlingar. Denne forsamlinga har lagt gullegget med å laga bowlinghall i kjellaren, noko som har fått ungdomsarbeidet til å skina. Det gjekk frå 0 til 30 ungdommar på ein augneblink.
Takk Gud for alle dine barn i Austrheim, for alle kyrkjelydar og forsamlingar der ordet ditt blir forkynt. Takk for veksande ungdomsarbeid i Betania. Må dei kristne i kommunen stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande. Fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane i kommunen. Aus Anden din ut over Austrheim slik at dei som bur der kan koma til levande tru på Jesus. Hald di vernande hand over familiane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og fyll heimane med lys, glede og varme. Må alle barn og unge i Austrheim ha ein trygg og god oppvekst. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv. Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Austrheim vel, det ber me om i Jesu namn. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar