Dei siste åra har takten i det å starta nye bibeloversettingsprosjekt auka enormt. KI har gjort det mogeleg å arbeida med fleire beslekta språk samstundes, og ikkje minst har utstrekt bruk av lokale, innfødde medarbeidarar vore ein suksess. Per i dag blir det starta opp eitt nytt prosjekt kvar dag. Av alle rundt 7000 språk i verda, er det no under 1000 livskraftige språk som står att.
Takk for alle som vigslar liva sine til bibeloversetting. Takk for den taktauken me har sett i dette arbeidet dei siste åra. Gje oversettarane kunnskap og innsikt slik at tekstane formidlar ordet ditt til folka på ein sann og god måte. Vern alle prosjekta mot hindringer og forseinkingar, og arbeidarane mot sjukdom, ulukker, død og sorg, og mot alle djevelens freistingar og åtak.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar