tirsdag 20. mai 2025

Vaksdal i Vestland




Folketal: 3852

Kommunesenter: Dale

Næringsliv: Vaksdal er ein typisk industri og kraftkommune med Vaksdal mølle og Dale trikotasje som dei største industriverksemdene. Kommunen har 14 kraftverk som produserer straum m.a. til Bergenshalvøya.

Kyrkje og kristenliv: DNK i kommunen har, trass i relativt lågt innbyggjartal, 7 kyrkjer. Det kjem nok av stort landareal. To prestar tenestegjer i kvar sitt sokn. 

Indremisjonen er godt representert med 3-4 bedehus, alle av eldre dato. 

Det var ei pinsevekking i Vaksdal på 1920-talet. Mange kom til tru den gongen, særleg unge menneske. I dag er Tabernaklet Vaksdal historie. 

Gode Gud og Far! 

I dag ber me om at ditt rike skal ha framgang i Vaksdal. At dei truande skal stå fast i Jesus og Guds ord, og at dei skal stå saman om å bringa evangeliet ut til sambygdingane sine. Velsign kommunen med gode leiarar på alle nivå. Me ber om stabile heimar og gode oppvekstmiljø. Amen!




 


Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...