Innbyggjartal: 30 000
Kommunesenter: Knarvik
Næringsliv: Oljeraffineriet på Mongstad og industrien rundt dette står for det meste av verdiskapinga i kommunen. Litt jordbruk (storfehald) er det også.
Kyrkje og kristenliv: DNK har fem sokn og fem kyrkjer.
Indremisjonsarbeidet er overlagt rikt, og det er ei sky av bedehus som også blir nytta som grendahus. Norkirken Nordhordland har ein skikkeleg fin kyrkjelyd i Knarvik.
Pinserørsla er representert med Betania, også i Knarvik. Knarvik Misjonshus er ein fusjon av Imf og NLM.
Det framstår som om det er eit uvanleg rikt kristenliv i denne kommunen.
Takk Gud for alle dine sanne barn i Alver. Må dei stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande. Fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane i kommunen. Aus Anden din ut over Alver slik at dei som bur der kan koma til levande tru på Jesus. Hald di vernande hand over familiane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og fyll heimane med lys, glede og varme. Må alle barn og unge i Alver ha ein trygg og god oppvekst. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv, og me ber om ein høg fagleg og etisk standard på dei lokale mediebedriftane. Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Alver vel, det ber me om i Jesu namn. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar