onsdag 10. august 2022

Dagens nasjon: Latvia


 Latvia har i underkant av 2 millionar innbyggjarar fordelt på 21 folkegrupper som snakkar 13 ulike språk. Over 1 million menneske bur i Riga.  Landet var ein del av Sovjetunionen fram til 1991 då unionen vart oppløyst og alle dei baltiske landa vart sjølvstendige. Latvia er i dag medlem av både EU og NATO. I dag er det stor spenning knytta til om den russiske presidenten Vladimir Putin vil truga desse tre landa millitært. Eit slikt "eventyr" vil garantert utløysa 3. verdskrigen. 

Be om at den allmektige Gud må setja grenser for Putin sine aggressive handlingar og planar, og at Latvia skal oppleva varig fred. 

Latvia er eit land lite paddeflatt land med mykje skog og jordbruksareal. EU har spytta enorme summar inn i landet for å sørga for økonomisk utvikling. Men enno eksporterer Latvia den beste arbeidskrafta si til andre EU og EØS-land. Det går ut over ekteskapa, familiane og barna. 

Be om at Latvia skal oppleva økonomisk vekst slik at det kan vera godt med arbeid til folk. 

Før landet vart oppslukt av Stalin før krigen identifiserte latviarane som lutheranarar. Etter at dei vart sjølvstendige, har dei søkt etter sine åndelege røter, ikkje berre i lutherdomen, men kanskje i enno større grad i førkristen mytologi. Eg var ei veke på besøk i Latvia rundt 2017, og på landsbygda var denne trenden tydeleg. 

Be om at Den heilage ande må ausast ut over alle menneske i dette landet slik at dei kan koma til tru på Jesus og bli Guds barn av nåde. 

Det er ein stor russisk minoritetsbefolkning i landet, og desse er ortodokse. Dei ortodokse kyrkjene er flotte og påkosta, medan dei lutherske er spartanske og bedehusaktige. Det er for så vidt OK berre det er åndeleg liv innafor veggene, men det er lite av det også. 

I Latvia er det 7000 jødar, ein rest etter folkemordet under den 2. verdskrigen. Dei er totalt immune mot det kristne evangelium. 

Be om at den gryande vekkinga som me ser i mange jødiske miljø no også skal koma til jødane i Latvia slik at dei forstår at Jesus er deira Messias meir enn nokon andre sin. 



Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....