Viser innlegg med etiketten Stalin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stalin. Vis alle innlegg

onsdag 10. august 2022

Dagens nasjon: Latvia


 Latvia har i underkant av 2 millionar innbyggjarar fordelt på 21 folkegrupper som snakkar 13 ulike språk. Over 1 million menneske bur i Riga.  Landet var ein del av Sovjetunionen fram til 1991 då unionen vart oppløyst og alle dei baltiske landa vart sjølvstendige. Latvia er i dag medlem av både EU og NATO. I dag er det stor spenning knytta til om den russiske presidenten Vladimir Putin vil truga desse tre landa millitært. Eit slikt "eventyr" vil garantert utløysa 3. verdskrigen. 

Be om at den allmektige Gud må setja grenser for Putin sine aggressive handlingar og planar, og at Latvia skal oppleva varig fred. 

Latvia er eit land lite paddeflatt land med mykje skog og jordbruksareal. EU har spytta enorme summar inn i landet for å sørga for økonomisk utvikling. Men enno eksporterer Latvia den beste arbeidskrafta si til andre EU og EØS-land. Det går ut over ekteskapa, familiane og barna. 

Be om at Latvia skal oppleva økonomisk vekst slik at det kan vera godt med arbeid til folk. 

Før landet vart oppslukt av Stalin før krigen identifiserte latviarane som lutheranarar. Etter at dei vart sjølvstendige, har dei søkt etter sine åndelege røter, ikkje berre i lutherdomen, men kanskje i enno større grad i førkristen mytologi. Eg var ei veke på besøk i Latvia rundt 2017, og på landsbygda var denne trenden tydeleg. 

Be om at Den heilage ande må ausast ut over alle menneske i dette landet slik at dei kan koma til tru på Jesus og bli Guds barn av nåde. 

Det er ein stor russisk minoritetsbefolkning i landet, og desse er ortodokse. Dei ortodokse kyrkjene er flotte og påkosta, medan dei lutherske er spartanske og bedehusaktige. Det er for så vidt OK berre det er åndeleg liv innafor veggene, men det er lite av det også. 

I Latvia er det 7000 jødar, ein rest etter folkemordet under den 2. verdskrigen. Dei er totalt immune mot det kristne evangelium. 

Be om at den gryande vekkinga som me ser i mange jødiske miljø no også skal koma til jødane i Latvia slik at dei forstår at Jesus er deira Messias meir enn nokon andre sin. 



mandag 11. april 2016

Tsjetsjenarane i Russland

Chechen, Nohchi




Det bur 1,3 millionar tsjetsjenarar i Tsjetsjenia. Dei er eit krigarfolk med sterke band til islam. På 600-talet kom evangeliet til dei, og kristendomen var kanskje den dominerande trua mellom dei inntil dei vart introdusert for islam på 1700-talet. I dag er det omtrent ingen kristne tsjetsjenarar att i Tsjetsjenia.

Tsjetsjenarane  lever i eit klanbasert samfunn. Under 2.verdskrigen kjempa dei i den raude armeen mot Tyskland. Etter krigen vart dei løna for innsatsen med at Stalin fekk mennene deportert til Sibir. Dei fekk ikkje venda heim att før i 1968. Tsjetsjenarane hatar Russland og russarar heilt inntil ryggmargen. Etter 1991 prøvde dei å riva seg laus frå Russland, men russarane svarte med ein fælsleg krig som la regionen i ruinar. Slik er det i stor grad enno.

Dette feilsteget frå russisk side har fødd fram mykje terror frå tsjetsjensk side som har råka mjuke mål i Russland.Landet blir i dag styrt av ein president og ein statsminister (Kadyrov og Chiliev). Dei er innsett av Kreml, og begge to er vel det me trygt kan kalla forbryterske element. Dei er moralsk grenselause, og går ikkje av vegen for noko middel for å nå sine uedle mål. Politiske drap høyrer med til dagens orden.

Å driva misjon i Kaukasus er ufatteleg utfordrande. Her trengst det mykje bøn.

Be om at Gud skal gjera noko heilt nytt i Tsjetsjenia, at hans godleik skal bli gjort kjent for tsjetsjenarane, at hans lys skal fløyma over dei , lækja dei og frelsa dei. 

Be om at det skal finnast vegar for den tsjetsjenske Bibelen ut til folket, og at han skal bli lesen med stor iver.

Be om at Jesus skal syna seg for dei gjennom syner, og draumar, og at han skal ausa Anden ut over dei og velsigna dei med lækjedom og glede. 

Be om at det skal bli etablert sterke og vitale tsjetsjenske huskyrkjer.

Be om kristne leiarar i dette folket som kan visa folket vegen til Far og formidla sann åndelegheit og ein moral bygd på sanning og miskunn. 







Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...