fredag 19. august 2022

Dagens nasjon. Nord Makedonia

 


Nord-Makedonia vart sjølvstendig i 1991 etter å ha vore ein del av det gamle Jugoslavia. Landet har 2 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Skopje. Befolkninga er splitta opp i mange ulike folkegrupper, og det er store indre spenningar mellom gruppene, som det gjerne pleier å vera på Balkan. Særleg kjenner albanarane seg nærare knytt til Albania og Kosovo enn til heimlandet. Folk i distrikta er fattige, og mange flyttar inn til byane eller til andre land på jakt etter betre levekår. 

Be om at freden skal vara ved i Nord-Makedonia, og at dei ulike folkegruppene skal ha eit godt innbyrdes forhold til kvarandre.

Be om ukorrupte leiarar med høg moralsk kvalitet og gode personlege eigenskapar.
Be om styrking av økonomien i landet.

Albanarane er naturlegvis muslimar. 2/3 av befolkninga er ortodokse i namnet, men lever sekulære liv. Over 1000 kyrkjer står tomme.

Be om at Gud skal skapa nytt liv i den ortodokse kyrkja, om at Jesus må bli stor for dei, at Guds ord må overta for alt miks maks som gjerne pregar desse kyrkjene. 

Det er i underkant av 100 evangeliske kyrkjelydar i landet. Men desse er til gjengjeld veksande. 

Be om at veksten skal halda fram og tilta i styrke, ja, med eksponensiell kraft. Be om at alle nye kristne skal bli godt disippelgjort slik at dei sjølve kan bli disippelgjerarar. 

Kjelde: Operation world



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...