fredag 19. august 2022

Dagens nasjon II: Madagaskar

 



28 477 333 innbyggjarar fordelt på 40 folkegrupper som snakkar 20 språk. Offisielle språk er malagasy, fransk og engelsk. Hovudstad: Antananarivo

Madagaskar er eit rikt land der fleirtalet av menneska lever i djup fattigdom. Øya har mange unike plante og dyreartar, men mange, mange av desse er blitt utrydda dei siste åra pga ein totalt feilslått landbrukspolitikk der bøndene har hogd ned og brent store deler av den verdfulle regnskogen i aust. Det er ein av verdas store miljøkatastrofar. 

Be om at Herren på underfullt vis må attreisa regnskogen og dei unike økosystema i dette landet. 

Be om at Gud skal sjå i nåde til menneska i landet og fornya økonomien deira slik at det vert leveleg for alle. 

Madagaskar har gjennom dei siste 120 år opplevd enorme kristne vekkingar prega av profetisme, lækjedom og utdriving av vonde ånder. Det har vore ekstraordinert. Og dette har rulla og gått trass i heftig motstand frå heidenske hovdingar og frå fransk kolonimakt då denne sat med makta. Det siste vekkingsutbrotet var på 1980-talet. Sentral under vekkinga på 1960-talet var profetinna Nenilava. Eg var og høyrde henne tala i Trefoldighetskirken i Oslo vinteren 1974. Under besøket var ho også å besøkte kong Olav på slottet. 

Be om at Gud skal tenna elden på nytt, og at han skal brenna kontinuerleg til Jesus kjem att. Be om det mellom dei kristne skal dukka opp leiartypar som kan føra landet ut av den økonomiske og økologiske krisa i landet. 

Dei gamle heidenske religionane er sterke, og mektige ånder regjerer blant folk, og mange kristne klarar ikkje heilt å sleppa taket i det gamle, og då blir det synkretisme og åndeleg sjukdom og død. 

Be Gud om å reinsa kyrkja si i Madagaskar. 

Dei kristne er veldig splitta.

Be om einskap mellom kyrkjene og kyrkjelydane.

Befolkninga veks fort på Madagaskar, og det er mange barn og unge. Mellom anna Ungdom i Oppdrag har mykje arbeid som rettar seg mot denne gruppa. 

Be om at dei store barne og ungdomskulla må få høyra og ta imot evangeliet om Jesus Kristus. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...