søndag 7. august 2022

Dagens nasjon: Kuwait

 

bilde: geology.com




Innbyggjarar: 4,3 millionar. Religion: Islam. Kristne: 13,5%. Evangeliske 1,5%. Av 28 fokegrupper blir 13 rekna som unådde. 

Kuwait er ein steinrik oljenasjon. 

Mange unge kuwaitarar er frustrerte, Dei kjedar livet av seg, og stadig fleire knyter seg opp til radikale muslimske grupperingar.

Be om at Gud avslører løgna og tomheiten i islamismen for desse unge mennene, og be om at dei må få møta det sanne livet og livsfylden i Jesus.

Be om at alle i dette landet må forstå at på dommens dag vil ikkje rikdomen kunna bistå dei i det heile tatt. Be om at dei må forkasta islam og luksuslivet sitt som skrap for å kunne vinna Kristus, han, den einaste med sann verdi. 

Dei kristne i landet er stort sett kvinner som jobbar som hushjelper. Mange av dei lever på slavekontraktar, og blir handsama deretter. 

Be om at Gud må oppmuntra desse kristne arbeidarane, og gjennom dei bringa Kristi kjærleik inn i dei mange heimane der dei jobbar. 

Be for bidoonfolket, arabarar utan statsborgarskap i noko som helst land, at dei må få møta Jesus og bli statsborgarar av Guds rike. 

Den kristne kyrkja er høgt respektert i landet, ikkje minst pga det medisinske arbeidet ho har gjort gjennom dei siste hundre åra. Men det er forbode å evangelisera mellom muslimar. 

Be om at dette forbodet må ta slutt, at dei truande alltid skal lyda Gud meir enn menneske, at leiarane i Kuwait skal forstå at Menneskerettsfråsegna forpliktar dei til å sleppa evangeliet laust på befolkninga si. 

Mange kuwaitarar reiser utanlands for å ta utdanning og driva business.

Be om at dei må få møta evangeliet til frelse når dei er på reise i kristne land. 

Kjelde: Operation World

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...