tirsdag 29. mars 2022

Kanada

 


Kanada er verdas nest største land i flatemål, over 9 millionar km2. Det bur vel 38 millionar menneske der, dei fleste på austkysten. Offisielle språk er engelsk og fransk. 72,1% refererer seg til kristendomen. Dei fleste er katolikkar, 7% er evangelisk kristne (25% i år 1900). 50 folkegrupper er i liten grad nådde med evangeliet. Landet har tradisjonelt vore ope for flyktningar, og mange har funne ein trygg heim og ny framtid i Kanada. 

Dei siste åra har det koma fram mange år med stygge overgrep retta mot urbefolkninga i landet, og dei verste tilfella handlar om barn som gjekk på internatskular drivne av den katolske kyrkja der mange av barna vart borte. No det er funne levningar etter dei nedgravne på skuleområdet. Ein himmelropande urett. 

Elles er Kanada eit "foregangsland" når det gjeld LHBTQ+ rettar, og dei går langt i å straffa folk som ytrar seg mot ideen om seksuelt mangfald. Dei blir dømde for å ha brote diskrimineringslova. 

Det er 1,4 millionar kinesarar i landet, mange innvandrarar frå andre land i Asia, både hinduar, sikhar og muslimar. 

Herre Jesus! Me ber om ein ny åndeleg vår for Kanada. Me ber om at all den urett som er gjort gjennom historia i høve til urinnvånarane skal reparerast, at sår skal gro og relasjonar lækjast. Me ber om at du skal reisa opp att kyrkja di i landet og gjera henne varm, sann og tydeleg. Me ber om at dei truande kristne skal leva som dine sanne disiplar, vitna om deg, gjera godt, lækja sjuke og setja fri dei som er bundne av vonde ånder. Me ber om at trusfridomen og ytringsfridomen skal bli klårare definerte, og at det framleis skal vera lov å forkynna Bibelens ord til kanadiarane. Me takkar deg for den gjestfridomen som landet har synt andsynes flyktningar og innvandrarar, og me ber deg om å velsigna landet for det.  Me ber om at alle unådde eller lite nådde folkegrupper skal blir overstrålte av lyset frå evangeliet, og at alle som tilber framande gudar skal læra deg, den einaste sanne Gud å kjenna. Amen! 

Kjelde: Operation World




Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...