Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
lørdag 18. juli 2020
Irak
torsdag 16. juli 2020
Eit kraftig signal til Tyrkias kristne minoritet
Sjølve historia kjenner de no frå media, men eit kort resymè:
Hagia Sofia var i utgangspunktet verdas største kyrkjebygg, sett opp av keisar Justinian I frå 532-537 e.Kr. Kyrkja som ein sentralheilagdom for den ortodokse aust-kyrkja, og Konstantinopel sete for den romerske keisaren.
Då den ottomanske hæren i 1453 erobra Konstantinopel, og omdøypte denne til Istanbul, overtok dei også Hagia Sofia, og dette vart dette markert som islams siger over kristendomen.
Hagia Sofia var moskè frå 1453 til 1927 då landsfader Atatürk, som ville at Tyrkia skulle vera ein sekulær stat, omgjorde bygningen til eit museum slik at den gamle kristne biletprakta igjen kunne gjerast synleg for vestlege turistar.
No er denne tida over. Bileta skal igjen dekkast til, og kristne får avgrensa tilgang til det praktfulle byggverket.
Når no Hagia Sofia på nytt blir ein moskè er det ein muslimsk maktdemonstrasjon, og signalet til dei kristne i landet er utvetydig: Det er islam som gjeld, islam er kristendomen overlegen og kristendomen nederlagsdømt.
Sett i lys av massakrane på armenske og assyriske kristne frå 1915 til 1917 då 3 millionar av dei vart drepne i eit forferdeleg folkemord, er det signalet som Erdogan no sender ut skremmande for alle som trur på Jesus i Tyrkia.
Tyrkia var det første området i verda utanfor Israel der evangeliet om Jesus for alvor slo djupe røter, og var. Dette var kjerneområdet for Paulus sin misjonsinnsats. I år 100 var det etablert kristne kyrkjelydar over heile dette veldig landet.
I år 1900 var 25% av befolkninga medlemmer av kristne kyrkjer. No er det under 1% kristne att i dette store landet. 6000 av dei er protestantiske. No er tyrkiske styresmakter starta på ein prosess der dei utviser kristne misjonærar under påskot av at dei driv med spionasje for framande makter. Særleg gjeld dette amerikanske misjonærar som det er ein del av i landet. Eg har møtt nokre av dei. Flotte folk som har vore i landet lenge, og som snakkar flytande tyrkisk.
tirsdag 14. juli 2020
Iran
Det er naturlegvis flest persarar i Iran (62%). Men det er også andre store grupper som aserbadsjanarar (22%), tyrkarar, balutsjar, arabarar og sigøynarar.
- · Det er grunn til å takka Gud for den kristne vekkinga som i dag spreier seg i Iran som eld i tørt gras.
- · Be om at det som skjer berre skal auka i kraft
- · Be om at dei kristne skal ha tilgang til nok biblar og annan kristen litteratur.
- · Be om at dei kristne skal bli verna mot vrang lære. Det er mange unitare kyrkjer i Iran som fornektar Jesu guddom.
- ·
Be om at Bibelen skal bli ei populær bok i Iran som alle får lyst til å
lesa.
- ·
Be om at Bibelen skal finna sin veg inn i dette landet.
- ·
Be om at Gud skal verna dei kristne mot
overgrep, og gje dei visdom i møte med styresmakter som berre vil dei
vondt.
- ·
Be om at Gud skal styrkja alle kristne som i dag sit i fengsel, og særleg
dei som blir utsette for tortur.
- ·
Be om at evangeliet må få så stor makt i landet at det blir totalt
forvandla frå innsida, og at det muslimske presteskapet også skal bli rivne med
av Jesusvekkinga.
- ·
Be om at evangeliet også skal nå fram til dei mange unådde folkeslaga i
landet som gilaki i nord og balutsjarane i sør-aust.
- ·
Be om at Jesus skal løysa alle med rusproblem som ber han om hjelp.
- ·
Be om at prestestyret skal falla, og at Revolusjonsgarden skal løysast
opp
- ·
Be om at iranarane skal forstå at jødane er Guds utvalde folk, og at dei
blir velsigna om dei velsignar Israel.
- ·
Be om at iranarane i diaspora (landflyktighet) skal få møte Jesus, ta
imot hans som Herre og frelsar i sine liv og få hjarto sine forvandla av
evangeliet og Den Heilage Andens kraft.
mandag 13. juli 2020
Khampafolket i Kina - Tibet
Religion: Buddhisme
Språk: Tibetansk, som også er eit bibelspråk
Buddhismen er på mange måtar grunnleggjande ulik kristendomen. Synd og tilgjeving for synd er ganske meiningslause uttrykk for ein buddhist.
Den katolske kyrkja prøvde å driva misjon mellom dei på slutten av 1800-talet, men alle misjonærar og kristne vart drepne i 1899.
Gode Gud
og Far! Me ber om at du skal velsigna khampafolket med lyset frå din Heilage
Ande. Treng gjennom og riv ned alle tankebygningar som reiser seg mot
kunnskapen om Kristus, og som hindrar dei i å ta imot din nåde. Mjuk opp dei
harde hjarto deira, og lat din kjærleik gje dei eit nytt liv. Må dei helga
Jesus til konge i liva sine, og læra seg å setja all si von til han og å leva
for han med heile seg. Amen!
Indonesia IV - Molukkane
Denne øygruppa er
markert med lysegrønt på kartet, og Ambon er den største av dei. Frå 1999-2000
vart 20 000 kristne drepne av jihadistar på desse øyane. Spora og såra
etter denne forferdelege tida er enno synlege, og kristne og muslimar må by i
fråskilte landsbyar. Det tek vare på «freden», men hindrar alt effektivt
misjonsarbeid.
·
Be om at det må koma til ei endring, at såra etter valden skal gro og at
det skal opprettast normale relasjonar mellom kristne og muslimar.
·
Be om at dei kristne skal få nåde til å elska sine muslimske naboane
sine.
Av dei 117
innfødde språka på desse øyane, er NT omsett til 4. 34 er under omsetting. 64 andre språk er så
pass store at dei treng omsetting.
· Be om at det skal skje, og at det skal melda seg mange nye unge menneske som vil vigsla liva sine til denne avgjerande viktige misjonso
fredag 10. juli 2020
India: Kristen mann slått i hel for trua si
Kande Modu, Foto: Christian Solitary Worldwide |
- Be for Bindu og mor hennar at dei skal få trøyst i sorga etter Kande.
- Be om at dei må få styrke til å stå fast i trua på Jesus
- Be om at mordarane må bli etterforska, stilt for retten og dømde.
Iran: 12 kristne arresterte i ein koordinert politiaksjon
Parallelt med hendingane i Teheran vart tre kristne arresterte i Malayar, ein by litt lenger vest.
Det syner seg at politiet har hatt ein infiltratør i dette miljøet som har informert om aktivitetane deira.
Kjelde: www.persecution.net
Be om at Gud skal styrkja dei arresterte og halda trua og motet oppe hos dei.
Be om at dei snarleg skal bli sett fri.
onsdag 8. juli 2020
Indonesia/Java
- Be om at dei truande på Java skal stå fast i Kristus, og bli reinsa og fornya midt i dei trengslene som dei må gå gjennom pga evangeliet.
- Be om at islams løgner skal bli avslørte for folk slik at dei strøymer i skarar til Kristus.
- Be om at kyrkjene skal stå tett saman, og at dei truande skal ha ei djup samkjensle og at dei skal vera eitt.
- Be om at dei mange store unådde folkegruppene på Java skal bli nådde med evangeliet: Sunda (34m), Pasisir Lor (23,3m), Madura (15m).
- Magi, hekseri, shamanisme og andre okkulte praksisar er sveært utbreidd på Java. Be om at dei truande skal bli utrusta med nådegåver til av avsløra dei vonde åndene som ofte bur i folk og driva dei ut i Jesu namn.
- Be om at nye kristne skal bli fostra og forma av gode mentorar.
mandag 6. juli 2020
Indonesia II. Sumatra
- Det er grunn til å takka Gud for dei kristne på Sumatra, og det er grunn til å be om at dei vert bevarte i ei sann tru, og at dei konsekvent seier nei til magi, hekseri og shamanisme.
- Be om at kyrkjelydane skal reisa seg, bli utrusta med åndelege gåver og fylte med kraft frå det høge slik at dei ivrige, brennande og uredde vitnar om Jesus for høg og låg.
- Be om at achefolket i nord skal bli nådde med evangeliet. Det er 3,5 millionar av dei, og dei er svært stolte og bevisste i si islamske tru, og svært avvisande overfor misjonærar og andre kristne.
- Be om at det skal bli starta bibeloversettingsprosjekt i alle språk der det er naudsynt.
- Be spesielt også for dei 8 millionane i minangkabau rejang-folket som heldt til vest på øya. NT vart utgjeve på språket deira i 1996. Be om at dei skal oppdaga kva skatt dei har fått seg tildelt, og at dei skal bli ivrige lesarar av Guds ord.
søndag 5. juli 2020
Indonesia I
Likevel er Indonesia det landet i verda som dei siste 60-70 åra har sett dei største kristne vekkingane i moderne tid. Gud har berørt nasjonen med uvanleg kraft med det resultat at folk på radikalt vis har vendt om til Gud. Det blir også fortalt om spektakulære mirakel knytt opp til vekkingane.
Men det har også vore døme på skarp forfølging av kristne i landet, noko som toppa seg i tida frå 1999 til 2002 då 3000 kristne vart drepne av jihadistar på Ambon. Liknade åtak har me også vore vitne til på Sulawesi.
Det indonesiske folket er sukke djupt med i okkulte handlingar, og dei enorme åndelege bindingane fører til kraftige konfrontasjonar når evangeliet blir forkynt.
- Be om at dei truande skal bli utrusta med kraft og autoritet til å setja folk fri frå desse demoniske kreftene.
- Be om at dei kristne ikkje skal la seg skremma men frimodig halda fram med å vitna om Jesus, be for folk og gjera gode gjerningar.
- Be om at Far skal sørga for barna sine også økonomisk.
- Be om at dei nasjonale evangelisk kristne i Indonesia skal lukkast med å evangelisera og disippelgjera alle dei unådde folkegruppene i landet sitt.
- Be om at barn og unge må få ivaretatt dei sentrale menneskerettane sine, at dei må få høve til å ta seg utdanning som kan føra dei fram til løna arbeid og ei trygg framtid. Be om at kyrkja skal nå fram til dei der dei er med evangeliet om Jesus.
- Be om at den uretten som folk blir utsette for fører til at evangeliet om Jesus blir gjort kjent der det før har vore ukjent.
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...