Denne folkegruppa tel 108 000 menneske, og er ein del av Char Aimaq som er ei større gruppe som me finn både i Afghanistan og Iran. Jamshidfolket snakkar tilpassa dari, men har også sitt eige språk ,aimaq, som er i ferd med å forsvinna. Alle er muslimar. Jamshidane er i dag seminomadar som vekslar mellom husdyrdrift (sau) og mursteinsproduksjon. Krig og tørke har øydelagd grunnlaget for økonomien deira og for ein god livsstandard.Bøn: "Gode Far! Sjå i nåde til Afghanistan og ta makta frå alle vonde ånder som dominerer dette landet. Herre Jesus, du som har fått all makt i himmel og på jord, grip inn til frelse for jamshidfolket. Send arbeidarar ut til din haust i denne folkegruppa. Tal til samvitet deira og gjer hjarto deira mjuke og hungrige etter forsoning og tilgjeving. Aus Den Hailage Ande ut over dei, samla dei i di kyrkje og gje dei evig liv og håp, og lat dei ha si glede i deg og i å tena deg. Herre, miskunna deg. Amen!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar