fredag 23. januar 2026

Stryn i Vestland

 


Kart: snl.no
Innbyggjartal: 7311
Næringsliv: Skogbruk, jordbruk, industri, reiseliv
Kyrkje og kristenliv: DNK har åtte sokn med tilhøyrande kyrkjer. Det finnst fleire bedehus i kommunen med levande forsamlingar.  Eg har ikkje funne noko om frikyrkjeleg aktivitet der. 


Gode Gud! Sjå i nåde til alle som bur i Stryn kommune, og send ordet om Jesus inn i liva deira. Må kallet til omvending og tru nå fram til alle. Må du Heilag Ande koma over menneska der, tala til hjarto deira, overtyda om synd, rett og dom, og stadfesta evangeliet med under og teikn som blir gjort i Herren Jesu Kristi namn. 
Styrk det indre livet i kyrkjelydane og forsamlingane i Stryn, og lat dei stå saman for å nå ut til lokalsamfunnet med evangeliet. 
Hald di gode hand over barn og unge slik at dei ikkje blir påført skade, men kan bli kjent med Jesus og veksa opp i varme, rusfrie og trygge heimar med sterkt samhald. Velsign kommunen med gode leiarar, stabile arbeidsplassar og gode kår for alle næringar, i Jesu namn, amen!



Rektorar i Bømlo nektar kristent lagsarbeid på skulane sine

Bømlo (Moster) er kristendomen si vogge i Noreg. No nektar rektorar på ungdomsskulane i kommunen (sist på Mostar skule) elevar å driva kristent lagsarbeid på skulane.

Dette har ingen pålagt desse rektorane å gjera. Dei har lagt det på seg sjølv. Sjansen for at deira eigen trusposisjon då spelar inn i avgjerda, er stor. Og det er uheldig.

Å nekta elevar å samlast til andakt i eitt friminutt i veka, er sjølvsagt å avgrensa den retten som Menneskerettsfråsegna gjev dei til å praktisera trua si, også i det offentlege rom. Artikkel 18 i Menneskerettsfråsegna er krystallklår:

«Einkvar har rett til tanke-, samvits- og religionsfridom. Denne rett omfattar fridom til å skifte religion eller tru, og fridom til anten ålene, eller sammen med andre, og offentleg eller privat, å gje uttrykk for sin religionen eller trua si gjennom undervisning, praksis, tilbeding og ritualer.»

Denne fråsegna er, i følgje Grunnlove § 2,  ein del av verdigrunnlaget for den norske stat, og dermed for den norske skulen.

I tillegg markerer §2 i Grunnlova betydninga av den kristne og humanistiske arv. Kristent skulelagsarbeid må jo seiast å fremja desse verdiane, og slik hjelpa lovgjevar med å nå sine mål, og ved å nekta elevane å samlast for å be og dela trua si med kvarandre, motarbeider desse rektorane sin eigen arbeidsgjevar. 

I grunnskulen skal det undervisast om verdien av menneskerettane. Då er det underleg at rektorane i praktisk liv tek desse rettane frå elevar som ønskjer å ha kristent fellesskap ein halvtime i veka. 

Gode Gud! Me går i Jesu namn mot alle som forbyr kristne unge menneske å samla seg for å tilbe deg og styrka kvarandre i trua. Me ber om at det skal koma eit forbod  frå sentralt hald mot slike forbod i skuleverket. Amen! 

Takk og bøn

 Me takkar deg, Gud, for at Donald Trump ikkje lenger vil ta Grønland med makt. Det var sanneleg eit steg i rett retning. Så ber me i dag om at grønlendarane skal la seg innlemma i ditt rike, at dei skal venda om til deg med heile seg, bøya seg ved din kross og la seg overskylla av din kjærleik og nåde. 

Og så ber me for president Donald Trump. Han har ein viss respekt for deg, men treng å ta imot di frelse og bli reinsa frå sine synder. Me ønskjer oss ein amerikansk president som er audmjuk, som elskar deg, som løftar opp namnet ditt, som lyder ditt ord, som sluttar å truga og skremma. Gje han god sjølvinnsikt og dømmekraft, og lat han halda lovnadane sine og vera til å stola på. Gode Far! Eg synest han er veldig sjølvoppteken, og at han fort blir fornærma og hemngjerrig. Og så har han så lett for å mobba andre, og set ein låg standard for korleis me kommuniserer med kvarandre. Dessutan er han skrytande, og han overdriv sin eigen historiske betydning. Audmjuk han slik at du kan løfta han opp og gje han sann stordom. Me treng ein godt fungerande amerikansk president som liknar på deg i sin måte å leida på, audmjuk, klok, sann, tydeleg og varm, ein president som skuggar unna alle djevelske impulsar. Amen! 

mandag 19. januar 2026

Martyrkyrka. Iransk ektepar dømde til lange fengselsstraffer pga si kristne tru


Denne saka er henta frå magasinet Stefanus (stefanus.no)

Ekteparet Nayereh Arjaneh og Qasem Esmailible fra Nord-Iran reiste til Tyrkia for å få bibelundervisning. Den skulle vise seg å ha en høy pris. Det de hadde vært med på i Tyrkia ble oppdaget, og ekteparet ble arrestert i sitt eget hjem 7. juli 2025.

 Nayereh fikk den strengeste dommen og er den første som må tilbake for å sone i fengsel. Hun ble først løslatt mot kausjon, og senere siktet for «å fremme avvikende propaganda og lære i strid med islamsk lov», og dømt til fem års fengsel. Hun ble også siktet for «å gi økonomisk og materiell støtte til grupper tilknyttet sionistisk kristendom», og dømt til ytterligere fem år.

 Ektemannen Qasem ble dømt separat til tre år og seks måneders fengsel. Straffen er ennå ikke fullbyrdet fordi han gjennomgår cellegift. Tenk deg det – han er syk, blir adskilt fra sin kone, og venter på å sone. Det koster å leve ut sin kristne tro i Iran.

 Samtidig preges Iran av massive protester for frihet. Demonstrantene møtes med brutal statlig vold. Minst sju kristne er blant de tusenvis som er drept, og flere skal være både skadet og arrestert. Dette forteller at også kristne deltar i demonstrasjonene og at fredelige demonstranter for frihet møtes med vold og død.

 Midt i dette sterke ropet om frihet og verdighet er også den kristne minoriteten utsatt.

 Bønneemner

- Be om at Gud styrker og oppmuntrer Nayereh i fengselet, og at hun får gode relasjoner til medfanger.

- Be om at Qasem blir helbredet fra kreften, og at behandlingen virker.

- Be om at straffene blir gjenopptatt, og at urettferdigheten i dommene blir erkjent og rettet opp.

- Be om at Iran stanser forfølgelsen av alle religiøse samfunn som fredelig uttrykker sin tro.

- Be om at regimet i Iran stopper brutaliteten, drapene og forfølgelsen og at folket i Iran sikres frihet og demokrati. 



Dagens unådde folkeslag: Arabarar i Nord-Jemen

 


Folketal: 20 millionar. 
Språk: Arabisk Sanaaisk
Religion: Islam
Kristne 0,00%
Bibelen: Det er no starta opp med oversetting av Bibelen til denne versjonen av arabisk

Be for dei få truande blant dei nordlege jemenittarabarane, at dei fruktbart kan så Guds ord blant familiane og samfunna sine, og drive ei rørsle av evangeliets bodskap frå hus til hus. Be om at arabiske familiar i aukande grad skal oppleve rettferda og tilgjevinga som berre finst i Jesus Kristus. Be om at nordlege jemenittarabarar skal få tilgang til bibelske ressursar på hjartespråket sitt.



Gloppen kommune i Vesland

 

Kartillustrasjon: snl.no

Innbyggjarar: 5936
Kommunesenter: Sandane
Næringsliv: Jordbruk, industri, lakseoppdrett og kraftproduksjon
Kyrkje og kristenliv: DNK har 9 kyrkjer, Normisjon har eit stort, fint bedehus i Sandane av litt eldre årgang med sakral arkitektur der det føregår mykje godt kristent arbeid, og pinsevenene har ei kyrkje der som (naturlegvis) heiter Sion. Fellesskapskirken har (som Kristkyrkja) sitt utspring i Frikirken. Dei leiger hus hos Sion. Sion er ein fleirkulturell kyrkjelyd med mange innvandrarar, særleg frå Afrika. Desse pregar kyrkja på ein god måte. Dei ulike kyrkjene samarbeidar mykje, og Sion har ei Gatekyrkje som dei er ute med kvar torsdags kveld. Då er ungdomane på byen, og evangelistane møter mange som er opne for evangeliet. 

Takk, gode Gud for alt det fantastiske du held på med i Gloppen kommune, for alle som kjem til tru, for alle kyrkjene som opplever vekst og utvikling, og for det økumeniske sinnelaget som pregar dei kristne. Me ber om meir, Gud, om at fleire skal koma til tru og blir disippelgjort. Ikkje berre i Sandane, men over heile kommunen. Særleg ber me om at arbeidet med Gatekyrkja skal lukkast, at dei som går ut skal oppleva å nå inn til dei unge, at det skal skapast tru og nytt liv. 
Må Sandane kommune vera ein god kommune for innbyggjarane. Me ber om robuste bedriftar, institusjonar, gardar og arbeidsplassar. Må barn og unge veksa opp i trygge, varme og rusfrie heimar. Vern dei mot alt som kan vera dei til skade, og må gravide kvinner i kommunen seia ja til sine små ufødde små. Amen! 






mandag 12. januar 2026

Colombiansk pastor drepen nyttårsafta

 

Foto: ICC

På nyttårsafta vart pastor José Otoniel Ortega skoten fleire gonger av tre væpna angriparar i bydelen Santa Elena i fylket Magdalena i Colombia. Han vart frakta til ein nærliggande medisinsk klinikk, der han døydde.

Dette melder ICC, International Christian Concern

Han er den 11. colombianske pastoren som lid denne lagnaden sidan 2024. 

Den 54 år gamle pastoren feira nyttåret saman med kona og barna sine då han vart skoten. Det colombianske rådet for evangeliske kyrkjer (CEDECOL) la ut ei fråsegn på Facebook der dei uttrykte sorg over hendinga.

– Denne hendinga fører med seg sorg, ikkje berre for familien og forsamlinga hans, men for heile den kristne kyrkja i Colombia, heitte det i fråsegna. – Vi hevar røysta vår til forsvar for livet og kallar på rettferd, fred og ein slutt på alle former for vald som held fram med å knusa heimar og lokalsamfunn.

Direktøren for påverknadsarbeid i Christian Solidarity Worldwide, Anna Lee Stangl, snakka med Premier Christian News om hendinga og peika på auken i målretta åtak på kyrkjeleiarar frå væpna kartell.

– Pastorar forkynner ofte bodskap om fred og avvising av vald og ulovleg verksemd, sa ho. – Det kan skapa problem for dei når det gjeld rekruttering av nye medlemmar.

Ortega er den ellevte kyrkjeleiaren som sidan november 2024 er drepen i Colombia. Det siste året har kriminelle organisasjonar myrda ti protestantiske leiarar. Ein katolsk prest vart kidnappa og seinare sleppt fri.

Stangl oppmoda den colombianske regjeringa til å ta opp att vernet for kyrkjeleiarar under dekret 1066, som gav vern til visse sårbare grupper. Religiøse leiarar var inkluderte i denne høgrisikokategorien fram til dekretet vart endra i 2023.

– I fleire år har vi oppmoda styresmaktene om å ta kyrkjeleiarar inn att under det nasjonale vernesystemet, sa Stangl. – Det ville òg vore fint å be for dette, slik at kyrkjeleiarar i Colombia får tilgang til dei verneordningane som finst, men som dei no er utestengde frå.

Styresmaktene leitar framleis etter gjerningsmennene. Samstundes står forsamlinga til Ortega, Foursquare Gospel Church, saman med familien hans og sørgjer over tapet av den trufaste pastoren sin.

Den 2. januar la kyrkja ut eit brev på sosiale medium til minne om Ortega.

– I dag seier vi ikkje farvel, men «vi sjåast snart», heitte det i brevet, – med vissheita om at vi ein dag skal møtast att i den evige herlegdomen, der det ikkje lenger skal vera smerte eller tårer, berre glede i nærværet til vår Herre Jesus Kristus.

Sak av Bella Agnello i ICC

Be om at illgjerningsmennene vert innhenta, arresterte og dømde.

Be om trøyst og styrke til familie, kyrkjelyd og vener


Stryn i Vestland

  Kart: snl.no Innbyggjartal: 7311 Næringsliv: Skogbruk, jordbruk, industri, reiseliv Kyrkje og kristenliv: DNK har åtte sokn med tilhøyrand...