Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
fredag 10. juli 2020
Iran: 12 kristne arresterte i ein koordinert politiaksjon
Parallelt med hendingane i Teheran vart tre kristne arresterte i Malayar, ein by litt lenger vest.
Det syner seg at politiet har hatt ein infiltratør i dette miljøet som har informert om aktivitetane deira.
Kjelde: www.persecution.net
Be om at Gud skal styrkja dei arresterte og halda trua og motet oppe hos dei.
Be om at dei snarleg skal bli sett fri.
onsdag 8. juli 2020
Indonesia/Java

- Be om at dei truande på Java skal stå fast i Kristus, og bli reinsa og fornya midt i dei trengslene som dei må gå gjennom pga evangeliet.
- Be om at islams løgner skal bli avslørte for folk slik at dei strøymer i skarar til Kristus.
- Be om at kyrkjene skal stå tett saman, og at dei truande skal ha ei djup samkjensle og at dei skal vera eitt.
- Be om at dei mange store unådde folkegruppene på Java skal bli nådde med evangeliet: Sunda (34m), Pasisir Lor (23,3m), Madura (15m).
- Magi, hekseri, shamanisme og andre okkulte praksisar er sveært utbreidd på Java. Be om at dei truande skal bli utrusta med nådegåver til av avsløra dei vonde åndene som ofte bur i folk og driva dei ut i Jesu namn.
- Be om at nye kristne skal bli fostra og forma av gode mentorar.
mandag 6. juli 2020
Indonesia II. Sumatra
- Det er grunn til å takka Gud for dei kristne på Sumatra, og det er grunn til å be om at dei vert bevarte i ei sann tru, og at dei konsekvent seier nei til magi, hekseri og shamanisme.
- Be om at kyrkjelydane skal reisa seg, bli utrusta med åndelege gåver og fylte med kraft frå det høge slik at dei ivrige, brennande og uredde vitnar om Jesus for høg og låg.
- Be om at achefolket i nord skal bli nådde med evangeliet. Det er 3,5 millionar av dei, og dei er svært stolte og bevisste i si islamske tru, og svært avvisande overfor misjonærar og andre kristne.
- Be om at det skal bli starta bibeloversettingsprosjekt i alle språk der det er naudsynt.
- Be spesielt også for dei 8 millionane i minangkabau rejang-folket som heldt til vest på øya. NT vart utgjeve på språket deira i 1996. Be om at dei skal oppdaga kva skatt dei har fått seg tildelt, og at dei skal bli ivrige lesarar av Guds ord.
søndag 5. juli 2020
Indonesia I
Likevel er Indonesia det landet i verda som dei siste 60-70 åra har sett dei største kristne vekkingane i moderne tid. Gud har berørt nasjonen med uvanleg kraft med det resultat at folk på radikalt vis har vendt om til Gud. Det blir også fortalt om spektakulære mirakel knytt opp til vekkingane.
Men det har også vore døme på skarp forfølging av kristne i landet, noko som toppa seg i tida frå 1999 til 2002 då 3000 kristne vart drepne av jihadistar på Ambon. Liknade åtak har me også vore vitne til på Sulawesi.
Det indonesiske folket er sukke djupt med i okkulte handlingar, og dei enorme åndelege bindingane fører til kraftige konfrontasjonar når evangeliet blir forkynt.
- Be om at dei truande skal bli utrusta med kraft og autoritet til å setja folk fri frå desse demoniske kreftene.
- Be om at dei kristne ikkje skal la seg skremma men frimodig halda fram med å vitna om Jesus, be for folk og gjera gode gjerningar.
- Be om at Far skal sørga for barna sine også økonomisk.
- Be om at dei nasjonale evangelisk kristne i Indonesia skal lukkast med å evangelisera og disippelgjera alle dei unådde folkegruppene i landet sitt.
- Be om at barn og unge må få ivaretatt dei sentrale menneskerettane sine, at dei må få høve til å ta seg utdanning som kan føra dei fram til løna arbeid og ei trygg framtid. Be om at kyrkja skal nå fram til dei der dei er med evangeliet om Jesus.
- Be om at den uretten som folk blir utsette for fører til at evangeliet om Jesus blir gjort kjent der det før har vore ukjent.
mandag 18. mai 2020
Nasjonaldagsbønn for Noreg
![]() |
| Melderskin i Rosendal |
Takk for dette fantastiske landet du har gjeve oss å bu i.
Takk for ein utruleg fin natur, for fridom og sjølvstyre, demokrati og menneskerettar, skule og helsevesen, for enorme naturressursar og mange gode arbeidsplassar.
lørdag 9. mai 2020
Dagens nasjon: Danmark

Gode Gud! Velsign
Danmark. Reis opp kyrkja di på nytt i dette landet, leid henne med ditt ord og
fyll henne med din Ande. Gje henne leiarar som lever som gode førebilete for
dei truande, som er trufaste mot Bibelen i si undervisning og forkynning og som
er i stand til å utrusta dei heilage til all god gjerning. Må ditt folk i
Danmark stå fram som hovud og ikkje hale i landet, eit folk som på ein god måte
set dagsorden for samfunnsdebatten.
Me ber om ei
gjennomgripande nasjonal vekkjing i Danmark, og me takkar deg for alle danskar
som lever med deg og for deg, og me ber spesielt om at evangeliet skal finna
grobotn i dei muslimske miljøa. Amen!
Dagens unådde: Rajput Bhatti, India
Rajput Bhatti tel 852000 menneske. Dei er hinduar, og lever primært nord i India. Dei meiner seg å vera etterkomarar etter ein Yadu som etablerte eit kongedøme sentralt i India for 500 år sidan. Dei er stolte over sin militære tradisjon. Rajput Bhatti er av høg kaste, dei er godseigarar, handelsfolk, byggmeistrar, vitskapsfolk, dataingeniørar og set i det store og heile godt i det. Det er ikkje ein einaste registrert kristen i dette folket.
Herre! Me ber i dag for Rajput Bhatti. Må det kristne evangelium snarleg nå fram til desse menneska og gje dei frelse ved trua på Jesus. Løys dei frå dei mektige åndsmaktene som dominerer i hinduismen. Tal til dei gjennom draumar og syner, og førebu dei på at nokon av dine tenarar kjem til dei og deler ditt ord med dei. Me ber spesielt om frelse for klanleiarane. Gje dei ei djup forståing for at du er den einaste sanne Gud, at du har skapt dei for at dei skal tilhøyra deg og lova, æra og tena deg, og at du har frelst dei frå deira synder med ditt blod og opna ein veg for dei til Farshuset. Amen!
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...



