tirsdag 9. oktober 2018

Leah Sharibu (15) og to hjelpearbeidarar i Jos i Nigeria kan bli drepen om ei veke

Den kristne 15-åringen Leah Sharibu frå delstaten Jos i Nigeria vart kidnappa av Boko Haram 19. februar i år saman med 109 andre og to hjelpearbeidarar frå Raudekrossen. 104 muslimske jenter vart sett fri, fem jenter er drepne, og Leah Sharibu og hjelparbeidarane vil bli drepne om ei veke om ikkje nigerianske styresmakter betalar løysepengar for dei.

Gode Far! Me ber om at du i Jesu namn skal stoppa Boko Haram i deira vonde planar. Må dei bli til skamme og rista av redsle og brått snu seg bort i skam (Salme 6,11). Du er ein Gud som set fangar fri, så me ber om fridom for Leah Sharibu og desse to hjelpearbeidarane! Amen!

Er fengselsmarerittet over for Asia Bibi?

Asia Bibi. Foto: Voice of the Martyrs Canada

I 2009 vart den kristne pakistanske fembarnsmora dømt til døden for blasfemiske uttalelsar mot profeten Muhammed. Blasfemilovene er eit stort problem for folk i dette landet. Særleg for minoritetar. Dersom nokon ønskjer å skada andre, kan dei anklaga dei for blasfemi, og då er det lett å få dei arresterte og dømde. 

Asia Bibi vart dømd til døden etter at to muslimse kvinner anklaga henne for blasfemi etter ein krangel ved ein vasspost. Dei meinte at Asia Bibi ikkje hadde rett til å bruka denne vassposten sidan ho som kristen gjorde vatnet der ureint. Pakistan er ein skikkeleg apartheidstat. 

I alle fall, etter dette har dama sete ni år i fengsel og venta på at dødsdomen skulle bli fullbyrda. Fleire politikarar har forstått galskapen i dette og vilje setja henne fri. Dei er blitt skotne og drepne.

I går var det ny høyring i pakistansk høgsterett om saka. Det er fatta ei beslutning, men den er ikkje offentleggjort. Det KAN tyda på at ho vert sett fri, men at dommarane ventar på ei lageleg tid for å forkynna avgjerda. 

Blir Asia Bibi sett fri, må ho ut av landet fortare enn svint. Det er meir enn nok folk i Pakistan som står klar for å ta livet av henne. Det vil, etter deira førestellingar, gje dei garantert plass i Paradis. 

Herre, me ber om at du skal gje høgsterettsdomarane i Pakistan det motet som skal til for å forkynna ein eventuell frigjevingsdom. Så ber me om at du skal gje Asia Bibi det vern ho treng når ho kjem ut frå fengslet, og hjelpa henne ut av landet og i sikkerhet. 

mandag 8. oktober 2018

Ny rettshøyring for Andrew Brunson 12.oktober

Denne saka er henta frå Stefanusalliansen si forbønsteneste.

Den amerikanske pastoren Andrew Brunson (50) møter til sin fjerde rettshøring fredag 12. oktober.

Brunson har sittet i fengsel og husarrest siden oktober 2016, anklaget for spionasje og å ha forbindelser til terrororganisasjoner. Det finnes ingen konkrete bevis mot ham, anklagene bygger på utsagn fra anonyme vitner. Brunson selv nekter for at anklagene er sanne. Hvis han blir dømt, kan han få 35 års fengsel.

Andrew Brunson er blitt en brikke i det politiske spillet mellom Tyrkia og USA. President Erdogan sier at Brunsons skjebne er i hendene på et uavhengig rettsvesen. Samtidig har han sagt at han vil løslate Brunson i bytte mot Fethullah Gülen, som bor i USA. Fethullah Gülen er mannens som er mistenkt for å stå bak det mislykkede kuppforsøket i Tyrkia i 2016. Som en respons på rettssaken mot Brunson har USA innført sanksjoner mot Tyrkia, noe som har påvirket Tyrkias økonomi.

- Be om styrke for Andrew Brunson i den kommende rettshøringen.
- Be for helsen hans.
- Be om at retten skal dømme etter sakens fakta og ikke etter politiske føringer.
- Be om frifinnelse.
- Be om visdom for amerikanske myndigheter i bestrebelsene for å få satt ham fri.


Med vennlig hilsen
Øystein Rauan
Leder av forbønnstjenesten (Stefanusalliansen)

Auka forfølging av kristne i Iran


Arrestasjonane er fleire, klagemåla meir direkte og straffene strengare. Lenga har det vore slik at kristne i Iran er blitt dømt for å ha truga rikstryggleiken. No er tida forbi for den slags absurditetar, ser det ut for. Mission Network News melder i dag (8.oktober)  at no vert kristne rett og slett dømde for å vedkjenna seg til Jesus Kristus som Herre, og for å ha Bibelen som den høgaste autoriteten for kva dei skal tru og korleis dei skal leva. Den 18. august appellerte Amnesty International til umiddelbar aksjon til støtte for fire kristne som tilsaman er dømde til 45 år i fengsel. Dei fire er Victor Bet Tamraz, Amin Ashfar Naderi, Kavyian Fallah Mohammadi og Hadi Asghari (bilete). 

I tillegg til tunge fengselsstraffer blir kristne i stor grad nekta utdanning, det blir lagt ekstra press på familiar til kristne som har flykta frå landet og mange Jesustruande får problemer med å få seg arbeid.
Kvifor skjer dette? Fordi Guds rike går fram med rekordfart i dette shiamuslimske landet. I 1987 var det i følgje Operation World om lag 500 evangeliske kristne i landet. I 2014 var talet ein plass mellom 300 og 700 000. Det er vanskeleg å vurdera dette nøyaktig då kyrkja i 1994 fekk styresmaktene sitt blikk retta mot seg. Mange kyrkjeleiarar vart då arresterte, tre vart avretta og kyrkja gjekk «under jorda». Etter den tid har det teke heilt av. Den årlege kyrkjeveksten er no på 19,2% (den høgaste i verda), og held det fram slik, vil det i 2020 vera ein million evangeliske kristne i landet. Styresmaktene har no fått panikk, og det er forklaringa på kvifor forfølginga no blir intensivert.
Gode Gud, himmelske Far! Enno ein gong ber med for våre kristne søsken i Iran. Me takka deg for det store verket du er i ferd med å fullføra i dette landet. No ber me om at du skal gje dei truande masse frimot slik at dei uredde vitnar og forkynner om Jesus for sine medborgarar, at du leier dei slik at dei ikkje kjem i vanskelege situasjonar, at kyrkjelydane får tilgang på nok biblar, at du reiser opp mange nok leiarar med innsikt i Guds ord, som forkynner og lever rett etter Ordet ditt og som har den naudsynte utrustning og kraft over liva sine. Ver nær alle som sit i fengsel. Bruk dei mektig til å fremja ditt rike mellom medfangar. Læk dei for sjukdomar og skadar dei er blitt påført. Vern dei mot ytterlegare helseplager. Lat dei få nok og næringsrik mat, og lat dei i din time få fridomen sin attende. Så må du i Jesu namn halda eit auga med alle motstandarane, fri dei frå djevelens makt og løgner og lat dei bli slått av undring i møte med dine barn slik at dei kjem til omvending og tru. Amen!

tirsdag 2. oktober 2018

Rayeenfolket i India

Rayeenfolket er muslimsk og tel omlag 1 millionar menneske. Dei snakkar urdu, og trass i at Bibelen for lenge sidan er omsett til dette språket er det ikkje registrert nokon truande kristne frå dette folket.

Gode Gud! Me ber i Jesu namn for dei i rayeenfolket som snart kjem til å venda om til Jesus, at du skal utrusta dei og fylla dei og gjera dei dugande til å vinna heile folket sitt for ditt rike. Me minnar deg om løftet frå Jesaja 66 der det står at tida snart vil koma då du samlar alle folk og tungemål, og då  dei skal koma og sjå din herlegdom. Amen! 

m17328.png

tirsdag 25. september 2018

Pakistan

Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den dominerande religionen. 2,35% kristne. 0,6% evangelisk kristne. Fleritalet av dei kristne er romersk katolske. 




Dei kristne bur stort sett for seg sjølv i eigne distrikt, og det er ein beinhard religiøs apartheid i landet.
Hovudstad er Islamabad.
Dei største byane: Karachi og Lahore.

Pakistan vekslar mellom å vera styrt av ineffektivitet og korrupte politiske parti og eit autoritert militærdiktatur.  Makt og velstand er konsentrert på all for få hender. Dette hindrar sosial og økonomisk utvikling i landet. Landet står overfor eit kraftig press frå  islamistar i vest (Afghanistan og frå Punjabprovinsen), og frå India i Kashmir.

Det har nyleg vore presidentval i landet, og den gamle populære cricketstjerna Kahn har gjeve seg sjølv 100 dagar på å ordna opp i landet sine problem, noko som vel fortel meir enn nok om dømekrafta til den mannen.


  • Pakistan er prega av eit høgt valdsnivå. Be om at Gud frir landet frå den ånd som skaper lovløyse og vald, og som lenkar det fast til løgn og urett.
  • Be om at Kahn skal skipa ei regjering som i det minste vil bevega nasjonen framover. 

Kyrkja i Pakistan har for det meste medlemmer frå dei kastelause i landet, og frå Sindhfolket som er hinduistisk. Nesten ingen pakistanske muslimar er vunne for Kristus av pakistanske kristne. 

  • Be om at desse skal reisa seg, rista av seg sosial skam og stolt forkynna evangeliet for sine medborgarar frå høgare sosiale lag. 
  • Be om vern for dei truande. Det er lett å få ein fatal blasfemianklage mot seg. 
  • Be om fridom for Asia Bibi, Imran Gafhur og andre som sit fengsla på livstid for trua si. 
  • Mange muslimar frå høgare kastar har kome til tru dei siste åra gjennom TV-sendingar og personlege openberringar. Det er få å disippelgjera dei. Be om at Gud skal senda dei lærarar med kompetanse som kan føra dei inn i eit sigrande Kristusliv. 
  • Dei fleste av dei 393 folkegruppene er unådde. Men Guds arm er ikkje for kort til å frelsa. Be om at det skal gå ein mektig vind av evangelisering og misjon over heile landet som bringer Guds lys inn i kvar einaste avkrok der det finst folk. 
  • Be spesielt for desse unådde folkegruppene:
    • Punjabi på Indussletta
    • Pashtun i grenseområdet mot Afghanistan. Det er frå denne gruppa Taliban har sitt utspring
    • Folkeslag som snakkar seraki
    • Shindhifolket som er mellom dei fattigaste og minst evangeliserte folka i verda.
    • Baluchane i Baluchistan i sørvest mot Iran.
    • Mohajarane. Mange lever i Karachi. 
    • Fjellfolka i nord
  • Karachi har dobbelt så mange innbyggjarar som offisielt er oppgjeve. Byen er kaotisk, og alle typar kriminalitet florerer, inkludert menneskehandel. Be om Guds mektige intervensjon. 
  • I Pakistan er det nærast 2 millionar afghanske flyktningar. Be om at Gud må verna dei mot alle typar overgrep, senda sine vitner til dei og opna himmeldøra for dei. 
  • Det er 4 millionar ahmaddiyamuslimar i Pakistan. Dei er stolte over religionen sin og vanskelege å nå. Be om at Gud må rysta grunnvollen for trua deira, gjera dei usikre og føra dei inn på fast grunn, på Kristusfjellet. 
  • Landet har ein ung befolkning. Be om at dei unge må oppdaga håpet i Kristus.
  • 75% av befolkninga er analfabetar. Be om at skulevesenet må opp og gå, at det skal vera eigne skular for kristne barn, at lesedugleiken må på plass slik at unge kan vera i stand til å møta utfordringane frå ei moderne verd, og vera i stand til å lesa og studera Guds dyrebare ord. 
  • Be om at pakistanarar som har emigrert til omtrent alle verdas land må finna Kristus i dei landa dei har reist til, og at dei må leva som rettskafne menneske, og ikkje slå seg saman i forbryterske mafiagjengar, som dei har så lett for å gjera.
  • Be om at kristne radio og TV-program skal ha stort nedslagsfelt i befolkninga, likeeins alle forsøk på å nå ut via internett.

mandag 24. september 2018

271 kristne vil bli stilt for retten i Uttar Pradesh, India

Det er Voice of the Martyrs som melder dette i dag. Dei er tiltalte for å ha brukt narkotika for å omvenda folk til kristendomen, og for å ha snakka nedsetjande om hinduismen. Alt er naturlegvis tøv og tant, men rettsprosessane mot dei er i gong. Tre av dei tiltalte er Durga Prasad Yadav, Kirit Rai, og Jitendra Ram, alle pinsepastorar. Andre namn er ikkje kjende. Bakgrunnen for dette åtaket på dei kristne er den nye antikonverteringslova som er vedteken i delstaten. No leitar radikale hinduar etter kristne som kan straffast med bakgrunn i denne nye lova. Slik som systemet er blitt no må ein pastor melda frå seks månader for førehand til styresmaktene om han har tenkt å snakka til ein hindu om Jesus. Det er ikkje vanskeleg å sjå at desse lovene fullstendig underminerer religionsfridomen i delstaten. 

Gode Far i himmelen! Me ber om at du i denne situasjonen skal fylla alle desse truande med din Ande, gjera dei frimodige og sterke slik at dei bestemmer seg for å lyda deg meir enn menneske. Så ber me om at ditt rike skal gå fram i Uttar Pradesh, at skarar skal koma til tru, at djevelens hegemoni blir brote og at folk bøyer seg for ditt ord og tek imot di frelse i Jesus Kristus. Amen!

Dagens unådde folkeslag: Mongolar i Kina (Perifere mongolar)

  Foto: Montesclelia- Pixabay Folketal: 5 545 000  Religion: Buddhisme   Språk: Mongolsk   Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motst...