Det er Voice of the Martyrs som melder dette i dag. Dei er tiltalte for å ha brukt narkotika for å omvenda folk til kristendomen, og for å ha snakka nedsetjande om hinduismen. Alt er naturlegvis tøv og tant, men rettsprosessane mot dei er i gong. Tre av dei tiltalte er Durga Prasad Yadav, Kirit Rai, og Jitendra Ram, alle pinsepastorar. Andre namn er ikkje kjende. Bakgrunnen for dette åtaket på dei kristne er den nye antikonverteringslova som er vedteken i delstaten. No leitar radikale hinduar etter kristne som kan straffast med bakgrunn i denne nye lova. Slik som systemet er blitt no må ein pastor melda frå seks månader for førehand til styresmaktene om han har tenkt å snakka til ein hindu om Jesus. Det er ikkje vanskeleg å sjå at desse lovene fullstendig underminerer religionsfridomen i delstaten.
Gode Far i himmelen! Me ber om at du i denne situasjonen skal fylla alle desse truande med din Ande, gjera dei frimodige og sterke slik at dei bestemmer seg for å lyda deg meir enn menneske. Så ber me om at ditt rike skal gå fram i Uttar Pradesh, at skarar skal koma til tru, at djevelens hegemoni blir brote og at folk bøyer seg for ditt ord og tek imot di frelse i Jesus Kristus. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar