mandag 15. februar 2016

Angola



Folketal: 19 millionar. Av desse bur 4,7 millionar i hovudstaden Luanda. 97% av befolkninga tilhøyrer bantustamma. 
Angola rår over ufattelege naturrikdomar. Her er det næringsrik matjord, diamantar, olje og mineralar. Likevel er storparten av befolkninga lutfattig. Må vera noko ramlande gale med fordelinga av godene i den gamle kommuniststaten, som forøvrig framleis er plaga av etterverknaden av mange års borgarkrig. Infrastrukturen er forresten i rask utvikling. 

Angola var portugisisk koloni i 450 år. Dette tok slutt i 1975 gjennom eit kommunistisk kupp støtta av kubanske soldatar. Etter det var landet prega av tærande borgarkrig fram til 2002 der antikomministar, støtta av Sør-Afrikanske styrkar. 

94% av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje, og fleirtalet er naturleg nok romersk katolske. Likevel er protestantiske og uavhengige evangeliske og karismatiske kyrkjer i kraftig vekst, og tel i sum over 5,5 millionar menneske. Det utgjer 27% av befolkninga (2010). 

Det er 43% analfabetisme i Angola. Totalt snakkar dei 41 innfødde språk. Administrasjonsspråket er portugisisk. Bibelen eller deler av han er å få på 33 av språka (2010). 

* Takk Gud for forsoningsprosessen som er i gong mellom folk som tidlegare kriga mot kvarandre og hata kvarandre. Kyrkja spelar ei nøkkelrolle her. Be om at prosessen skal føra heilt fram.
* Takk Gud for at landet er i god økonomisk utvikling, og be om at dei fattige må få del i velstandsuntviklinga.
* Takk Gud for den sterke kyrkjeveksten som har vore i landet også gjennom år med krig og stor liding. Dei evangeliske kyrkjene firdobla seg frå 1990 til 2010. 
* Be om at alle landminer må bli funne og destruerte
* Be om at Gud lækjer fysiske, psykiske og sosiale sår som mange års krig har påført befolkninga
* I Luanda er det store leirar med internt fordrivne flyktningar som lever under miserable tilhøve. Mange foreldrelause barn blir selde som sex-slavar, mange blir forletne av famliliane sine, eller dei blir  anklagar for hekseri av slektningane sine for at dei skal bli kvitt dei, Tragediane er mange. Be om at dei vaksne skal begynna å oppføra seg ansvarlege menneske, at styresmaktene skal ta brotsverk mot barn på ramme alvor og setja inn kraftige tiltak mot dette skadeverket. 
* I Angola er religionsblanding heilt vanleg og kurrant, også blant kristne. Be om at Gud skal senda ei vekking i si kyrkje som frir dei truande frå vonde ånder som forvirrar dei og fører dei på avvegar, ei vekkjing som fjernar avgudsdyrking av einkvar sort frå folks hjarto.
* Be om at dei truande skal leva heilage og Kristuslike liv.
* Be om at Guds ord må vera det einaste lyset som dei kristne navigerer etter.
* Be om einskap mellom dei truande. Dei gruppene som no veks sterkast er dei uavhengige som har ein tendens til å isolera seg og dyrka sine særeigne ting. 
* Det er eit desperat behov for mange og gode kristne leiarar. Be om at Gud kallar og utrustar. 
* Be om at alle barn må få realisert retten sin til offentleg skulegang. 
* Be om speriing av kristen litteratur over heile landet. Folket hungrar etter dette. 





Ingen kommentarer:

Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula

  Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...