Belgia er Europas hovudstad. Her har både EU og NATO hovudsentera sine.
Sist veke vart 31 menneske drepne i Brussel av sjølvmordsbombarar som sprengde seg sjølv i lufta på flyplassen og i ei T-banevogn i sentrum av byen. 300 menneske vart skada. Ugjerningsmennene kom frå den muslimske bydelen Moolenbek i Brussel.
Be om trøyst og styrke for dei som har mista sine kjære, og at dei i sorga skal få møta håpet i Jesus.
Be om lækjedom for dei som er skada.
Be om at Gud skal ta kontroll over dei ekstreme miljøa, forpurra terrorplanar og erstatta hat og moralsk forvirring med lyset frå Ordet og med kjærleiken frå Jesus.
Be om Moolenbek må gjennomvevast av nye sterke, varme og målretta kristne kyrkjelydar.
Det bur 10,7 millionar menneske i Belgia. 6,7 millionar av dei er kristne (133000 evangeliske). Men det er islam som veks fortast no (innvandring) og blant etniske europearar er det sekularismen som er på frammarsj. 31% reknar seg no som ateistar og ikkje-religiøse. 7% av den katolske befolkninga går til messe. Fram til 1960 åtvara den katolske kyrkje mot bibellesning. I 2006 kom det nye oversettingar av Bibelen både til flamsk og fransk, og Bibelselskapet driv no bibelspreiing over heile landet.
Be om at Bibelens ord må slå djupe røter i den belgiske befolkninga, at landet må bli bada i Guds lys, og belgiarane må venda om til Gud og få ei djup oppleving av hans kjærleik og nåde.
Likevel: Dei evangelisk kristne i Belgia er svært offensive, planmessige og kreative i sin misjonsaktivitet. Dei står saman, er flinke på internett og har etablert landsomfattande bønenettverk som fungerer.
Be om at folk skal møte Guds ord over alt i samfunnet, og at det skal bli som ei kraft i som forvandlar både individ og samfunn.
Landet er delt i to: Flandern i nord og Valonia i sør. Motsetningane mellom desse to regionane er store, og landet står i fare for å sprikka opp.
Be om nasjonal einskap.
Problema med stoffmisbruk og seksuelle overgrep er formidable.
Okkulktisme og alle slags religiøse utslag av New Age-bølga er meir og meir alminneleg.
Be om at Gud skal setja folket og landet fri frå djevelens mange plager.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten Belgia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Belgia. Vis alle innlegg
mandag 28. mars 2016
fredag 6. mars 2015
Belgia
Belgia er eit land på 30528 kv.km. I hovudstaden Brussel ligg EU og NATO sine hovudkvarter. Det bur om lag 11 millionar menneske i landet. Landet er djupt splitta mellom fransktalande Vallonia i sør og det flamsktalande Flandern i nord. Flandern vil gjerne kvitta seg med Vallonia, som dei ser på som ei økonomisk bør som dei ikkje vil draska på. 62% tilhøyrer eit kristent kyrkjesamfunn, i hovudsak den romersk katolske kyrkja. 32% er ikkje-religiøse. Berre 1,2% dvs 132 596 menneske er evangelisk kristne. Likevel er denne delen av kyrkja i jamn vekst, og står sterkare no enn på lenge. Dette er eit resultat av mange års systematisk satsing og trufast arbeid i lokalmiljø, og stor vektlegging av einskap mellom kyrkjer i den protestantiske leiren.
Innvandring har revitalisert mange evangeliske kyrkjer. I dag er det t.d 100 evangeliske kyrkjer i Antwerpen i høve til 10 i 1970.
Belgia har historisk vore trakka ned av utallige hærar på marsj mot andre mål, og det er spilt mykje blod i dette landet, både under verdskrigane i sist århundre, men også under Napoleon (Waterloo), og det var i Belgia at dei spanske inkvisitorane knuste dei protestantiske hugenottane. Det var ei stygg sak.
Den katolske kyrkja er i dag i fritt fall i landet, m.a. som eit reultat av pedofiliskandalane dei siste åra. 7% går jamnleg til messe. Gjennomsnittsalderen på prestane er 65 år.
Landet er sterkt sekularisert, noko som har frambrakt mange lover som er i opposisjon til Bibelens ideal og standard. Det gjeld på samlivsområdet, i høve til bruk av narkotiske midlar og synet på abort og aktiv dødshjelp. Etisk oppløysing fører alltid til oppløysing av relasjonar.
I tomrommet etter Gud, veks New-Agerørsler fram. Religion utan forplikting og oppgjer, høver godt for menneske.
Bibelen er nyleg gjeven ut på dei levande språka i landet. Det gjev von.
Kjelder: Operation World og Prayercast.com
- Be om at kyrkja må vera ein effektiv brubyggjar og ein god link mellom vallonarar og flamlendarar slik at landet ikkje går i oppløysing.
- Be om at Jesu blod skal lækja alle sår og merker etter alt anna blod som er blitt spilt i dette landet gjennom historia.
- Be om vekking i landet, at gamle åndelege røter igjen skal begynna å spira.
- Be om at den katolske kyrkja skal bli reinsa og attreist som ei sunn åndeleg kraft i folket
- Be om at dei nye bibelomsettingane skal bli lest av folk slik at dei kan bli kjende med Guds gode vegar, bli kjende med hans kjærleik og slått med beundring av hans herlegdom og autoritet.
- Be om godt leiarskap i kyrkjene, og at unge menneske igjen skal bli kalt til disippelskap og sjå for seg eit liv som mentorar for andre, og at det skal stå fram kvinner og menn sendt av Gud til å vera nasjonale åndelege leiarar.
- Be om nytt liv i dei gode teologiske institusjonane i landet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...
