Belgia er Europas hovudstad. Her har både EU og NATO hovudsentera sine.
Sist veke vart 31 menneske drepne i Brussel av sjølvmordsbombarar som sprengde seg sjølv i lufta på flyplassen og i ei T-banevogn i sentrum av byen. 300 menneske vart skada. Ugjerningsmennene kom frå den muslimske bydelen Moolenbek i Brussel.
Be om trøyst og styrke for dei som har mista sine kjære, og at dei i sorga skal få møta håpet i Jesus.
Be om lækjedom for dei som er skada.
Be om at Gud skal ta kontroll over dei ekstreme miljøa, forpurra terrorplanar og erstatta hat og moralsk forvirring med lyset frå Ordet og med kjærleiken frå Jesus.
Be om Moolenbek må gjennomvevast av nye sterke, varme og målretta kristne kyrkjelydar.
Det bur 10,7 millionar menneske i Belgia. 6,7 millionar av dei er kristne (133000 evangeliske). Men det er islam som veks fortast no (innvandring) og blant etniske europearar er det sekularismen som er på frammarsj. 31% reknar seg no som ateistar og ikkje-religiøse. 7% av den katolske befolkninga går til messe. Fram til 1960 åtvara den katolske kyrkje mot bibellesning. I 2006 kom det nye oversettingar av Bibelen både til flamsk og fransk, og Bibelselskapet driv no bibelspreiing over heile landet.
Be om at Bibelens ord må slå djupe røter i den belgiske befolkninga, at landet må bli bada i Guds lys, og belgiarane må venda om til Gud og få ei djup oppleving av hans kjærleik og nåde.
Likevel: Dei evangelisk kristne i Belgia er svært offensive, planmessige og kreative i sin misjonsaktivitet. Dei står saman, er flinke på internett og har etablert landsomfattande bønenettverk som fungerer.
Be om at folk skal møte Guds ord over alt i samfunnet, og at det skal bli som ei kraft i som forvandlar både individ og samfunn.
Landet er delt i to: Flandern i nord og Valonia i sør. Motsetningane mellom desse to regionane er store, og landet står i fare for å sprikka opp.
Be om nasjonal einskap.
Problema med stoffmisbruk og seksuelle overgrep er formidable.
Okkulktisme og alle slags religiøse utslag av New Age-bølga er meir og meir alminneleg.
Be om at Gud skal setja folket og landet fri frå djevelens mange plager.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula
Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar