mandag 13. juni 2016

Haiti, det fattigaste landet på den vestlege halvkule.

Staten Haiti utgjer den vestre delen av øya Haiti. I aust ligg Den dominikanske republikken. Haitit er beskriven i Operation World som "den fattigaste nasjonen på den vestlege halvkule". Avskoging (berre 2% att den opphavelege skogen), erosjon, ureining og orkanar utarmar landet, og det fælslege jordskjelvet i 2010, øydela mykje av det som var av økonomisk infrastruktur. Landet vil vera heilt avhengig av hjelp utanfrå i lang tid framover.

Etter eit slaveopprør i 1804, vart Haiti fri frå den franske kolonimakta som hadde styrt landet i lang tid. Den nyfødde nasjonen måtte imidlertid betala høg erstatning til Frankrike, og attpå til vart han utsett for økonomisk boikott og blokade av USA og Europa. Haiti fekk ein dårleg start, og kom seg eigentleg aldri ovanpå.

Landet ligg heilt i øvre skikt når det gjeld korrupsjon og kriminalitet, og 25% av politiet er involvert i mafiaverksemd.

Nesten alle haitianarar kallar seg kristne. Den romerks katolske kyrkja står sterkt. Men kristendomen på Haiti er gjennomsyra av voodoo, spiritisme og hekseri. Det vert sagt om landet at det er "90% katolsk og 100% voodoo."

  • Jordskjelvet i 2010 vart av mange sett på som eit kall frå Gud til omvending frå synd. Presidenten lyste ut 3 dagar med bøn og faste over heile nasjonen, og 1 million menneske tok del. Dette året vart det ingen karnevalparade i Port au Prince. Be om at haitianarane kastar djevelen og alt hans ut av liva sine, slik at landet kan bli reinsa for vonde åndsmakter som bryt ned alle deler av samfunnslivet. 
  • Den evangeliske rørsla har i lang tid hatt stor framgang i Haiti. Guds rike går fram gjennom intens bøn, gode gjerningar og kraftfull forkynning. I dag utgjer dei evangeliske 16% av befolkninga, som er på omlag 11 millionar. Be om at vekkjinga skal berøra alle menneske i landet, og av evangeliet skal reinsa ut all religiøsitet hos majoriteten, og erstatta denne med enkel tillit til Jesus. 
  • Be om at Gud skal trøysta familiane til dei 230 000 menneska som omkom i jordskjelvet.
  • Be om at alle som vart kvesta skal få den hjelpa dei treng, og at Guds under skal skje i liva deira.
  • Be om at gjenoppbygginga av Haiti ikkje berre skal vera materiell, men også åndeleg, sosial, kulturell og politisk.
  • Be om at Guds rike skal bryta gjennom også i politikken slik at politikarane legg trua på Gud og Bibelen til grunn for både liva sine og politikken sin. 
  • Be om at politikorpset skal bli reinsa for kriminalitet.
  • Be om at skulevesenet skal koma opp og gå på alle nivå, og at befolkninga skal bli utrusta med den kunnskapen som skal til for at dei skal kunna byggja opp produktive arbeidsplassar som er ei føresetnad for økonomisk vekst og utvikling. 
  • Be om at folk skal ta avstand frå bruk av all type rus. 
  • Be om at den åndsmakta som ligg bak voodooismen skal bindast i Jesu namn. 
  • Den gamle frykten som i si tid vart skapt av spanske og franske slavedrivarar har aldri sluppe taket i haitianarane. Be om at dei skal bli overaust av Guds kjærleik, den kjærleiken som driv frykten ut.
  • Mange har framleis ein slaveidentitet. Be om at denne må bytast ut med ein Guds barn-identitet. 
  • Be om at landet skal få gudfryktige leiarar på alle nivå. Dei har hatt nok at det motsette. 
  • Be om gode utdanningsinstitusjonar for nye kristne leiarar. 
  • Be om nye åndsfylte pastorar som forkynner Jesus og Ordet, og ikkje seg sjølv.
  • Be om at dei kristne skal vera Jesu etterfølgjarar og ikkje hans tilhengjarar.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...