Folketal: 1,2 milliardar. Kristne: 70 millionar. Evangeliske: 26 millionar. Religion: Hinduisme,(80%), Islam (14%), kristendom (5%) Men kristendomen veks snøggast. Dei evangeliske har ein årleg framgang på 4%. Språk: 438. 22 er offisielle.Engelsk er utbreidd og blir snakka av mange og brukt som administrasjonsspråk. Hindi er størst. Bibelen: 70 språk har heile Bibelen, 120 NT, 80 enkelte bibeldelar og 136 språk er under omsetting.
India er verdas største demokrati. Landet har full religionsfridom. Men dei siste tiåra har det vore mykje motstand mot kyrkja frå radikale hinduistiske rørsler, og tidvis har lokale kristenforfølgingar flamma opp og opptil 500 kristne er vorten drepne på få dagar.
Men evangeliet går fram med sjumilssteg i India, og mange evangeliske kyrkjer driv eit imponerande misjonsarbeid. Og behovet er enormt. Den folkerike Gangesdalen blir rekna for det mørkaste åndelege området på jorda der innslaget av kristne for det meste er fråverande, og avgudsdyrkinga ekstrem. Hinduismen har 3 millionar gudar, og folka som tilber dei er basta og bundne til djevlen, og det er ingen ende på umoralske gjerningar og haldningar mellom dei.
* Be om at Guds mektige lys skal fløyma innover nasjonen og fordriva mørkers makter i alle regionar.
India er ei økonomisk stormakt i verda. Særleg har dei hatt enorm suksess innafor IT. Der er dei heilt i tet. Men rikdomen er svært ulikt fordelt. 40% av befolkninga lever under den absolutte fattigdomsgrensa. Denne skeivfordelinga er nært knytt til kastesystemet og den hinduistiske idèen om personleg karma.
* Be om at Jesus skal bryta åndsmakta i hinduismen, og om at evangeliet skal få makt over indiske sinn, og at indarane skal forstå at dei har moralsk ansvar for kvarandre, og i særleg grad for dei fattige.
Forfølging av kristne har i hovudsak føregått i Gujarat, Karnatake og Orissa.
* Be Gud om å beskytta dei truande i desse områda, gjera dei kloke som slangar og godtruande som duer Be om at dei ikkje misser motet, men held ein høg profil sjølv når redsla snører seg til rundt dei, at dei uansett er lys og salt i samfunnet.
Over 1000 organisasjonar sender no ut evangeliske misjonærar over heile landet, og over alt opnar forlk hjarto sine for Jesus, inkludert folk frå høgare samfunnslag.
* Be om at vekkjinga berre skal ta skikkeleg av, og at nye kristne skal bli godt disippelgjort.
Korrupsjonen i landet er berre heilt enorm, og pregar også mange kyrkjer. 40% av befolkninga er underernært eller alvorleg feilernært.
* Be om at kristne tek eit radikalt oppgjer med korrupsjon og bedrageri, og at folk flest skal få tilgang til nok næringsrik mat. Slakting av kyr ville ha vore eit godt bidrag.
Barnearbeid er vidt utbreidd, likeeins drap av nyfødde jenter og AIDS-epedemien tek dagleg mange, mange liv.
* Be om at alle barn må få gå på skule, læra seg nyttig kunnskap, at foreldra skal læra seg å stola på Guds omsorg, at indarane skal forstå samanhengen mellom AIDS og promiskuitet, og at dei skal halda seg til ektefellane sine.
Det nye India er prega av unge, kunnskapsrike menneske som legg meir vekt på materiell framgang enn på gamle religiøse "sanningar." Desse er opne for evangeliet, og ei strategisk viktig gruppe sett frå ein misjonal synsvinkel.
* Be om at kyrkjene skal sjå si besøkingstid og satsa knallhardt på å nå morgongdagens leiarar med evangeliet.
Reint vatn er ei stor mangelvare i India. Kvart år døyr 900 000 menneske av ureint drikkevatn eller av luftureining.
* Be om at indarane skal læra seg å reinsa drikkevatnet, og at dei skal finna nyedrikkevasskjelder som er reine.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 20. juni 2016
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens norske kommune: Voss herad
Folketal: 16471 Heradssenter: Vossevangen Næringsliv: Jordbruk, turisme, næringsmidde...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar