Gujarat ligg heilt nordvest i India. På grensa til Pakistan er det ørkenlandskap. I sørvest er det grøderikt. Gujarat er heimstaten til Mahatma Ghandi. Det var her han starta den rørsla som løyste India frå Storbritannia.
Staten har over 60 millionar innbyggjarar fordelt på 631 folkegrupper som snakkar 17 ulike språk. Gujarati er størst og blir snakka av 90% av befolkninga.
89% av befolkninga er hinduar, 9% muslimar og berre 0,5-1,2% kristne.
Staten har vedteke strenge lover mot å konvertera frå ein religion til ein annan. Dette har gjort det vanskeleg å driva misjon og kyrkjeplanting på lovleg vis. Kristne vert trakasserte, og mange som har vendt om til Jesus, tvinga til å rekonvertera til hinduismen. Likevel har Guds rike stor framgang i fem distrikt,.særleg mellom dei kastelause og dei ikkje-indoeuropeiske stammefolka (Indias urbefolkning). I desse områda står Metodistkyrkja og Frelsesarmeen etter måten sterkt.
I ni distrikt og 128 kommunar er det mindre enn 0,1 % kristne. Dette er det me må sjå på som komplett unådde områder. Kjelde: Jason Mandryk: Operation World 2010.
Kjære gode Gud! Me ber i dag om frelse for Gujarats store befolkning. Lat ditt sterke lys fløyma over menneska der. Bryt den makta hinduismen og islam har over folks sinn. Må Guds ord bli kjent og din Ande aust utover menneska slik at dei forstår at sanninga om deg er å finna i Jesus Kristus, og berre der. Gjer synda så syndig og ubehageleg for dei at dei kastar henne frå seg og søkjer rettferd i Jesus åleina, han som elskar dei og gav seg sjølv for dei. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar