Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten Maryam Nagash Zargaran. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Maryam Nagash Zargaran. Vis alle innlegg
fredag 10. juni 2016
Maryam Nagash Zargaran mellombels sett fri for legebehandling
Maryam Naghash Zargaran har sete i Evinfengslet i Teheran i tre år. Ho
er ein tryggleiksrisiko for den islamske Iranske staten. Det er ho fordi
ho har gjeve livet sitt til Jesus Kristus, og vore med og drive ein
kristen barneheim. For det fekk ho ein dom på fire år i fengsel. Ho har
lenge lidd av ein hjartesjukdom, men er blitt nekta legetilsyn og
behandling. Den 27.mai starta ho ein sveltestreik. Det har fungert. No
er ho sett fri for ei tid for å få den naudsynte behandlinga. Men ho
skal attende. Ho har lenge vore svært deprimert, noko som forverra seg
kraftig etter at ho for eit par månader sidane vart utsett for seksuelle
overgrep av tilsette i fengslet. Be om at den vonde tida må vera over
for Maryam, at ho vert benåda i samband med sjukdomspermisjonen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...
