Religion: Sikisme 60%, Hinduisme 37%. Kristne 1,2% (2,2%), Muslimar 1,6%.
Punjab er sikane sitt heimland. Sentrum for trua deira er "det gylne templet" i Amritsar. Eit opprør for sjølvstende på 80-talet førte til at 100 000 sikar vart drepne. Under konflikten vart statsminister Indira Gandhi myrda. Heile greia førte til kraftig økonomisk nedgang for Punjab. Etter fredsavtalen i 1992, har imidlertid staten vakna til liv, og har etter det hatt oppsiktsvekkande sterk økonomisk vekst.
Sikane har tradisjonelt vore vanskeleg tilgjengeleg for kristen forkynning, og kristne har synt liten interesse for dei. Men dette endrar seg no, og det veks fram sterke kristne leiarar frå sik-samfunnet som aktivt proklamerer evangeliet både i heime og ute, og det gror fram kyrkjelydar og bibelskular mange stader i Punjab.
Dei kristne frå siksamfunnet jobbar målretta mot å planta nye kyrkjelydar i alle landsbyar og i bynære strok i Punjab. Det er ein stor og flott visjon som fortener støtte og forbøn.
Kjelde: Operation World 2010
- Be om at vekkinga mellom sikane i Punjab også skal spreia seg til hinduane i delstaten.
- Be om at dei kristne skal lukkast med kyrkjeplantingsvisjonen sin.
- Be om at bibelskulane skal fyllast med folk som tørstar etter Gud og Guds rikes framgang.
- Det er 14 folkegrupper som er heilt unådde. Be om at desse også skal få høyra evangeliet om Jesus
- Be spesielt for distrikta Mansa og Sangrur der prosentdelen kristne er mindre enn 0,1.
- Ludhiana Christian Medical College and Hospital er ein kristen insitusjon som er kjent over heile verda for å presentera eit tydeleg kristent vitnemål, og gje hjelp og omsorg av uvanleg høg kvalitet til pasientar. Be om at dette framleis må få vera slik også i åra som kjem.
Det gylne tempel i Amritsar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar