mandag 25. april 2016

Colombia

Colombia har eit flatemål på 1 138 910 kv.km. Befolkninga er på omlag 47 millionar menneske. Det grensar mot Ecuador, Peru, Brasil, Venezuela, Panama, Atlanterhavet og Stillehavet.
Landet har store olje og kolressursar, og er verdas største produsent av kokain. 90% av all den kokainen som vert smugla inn i USA kjem frå Colombia, og narkotikatrafikken blir kontrollert av marxistiske geriljagrupper eller av halvmilitære soldatar innleigd av narkotikabaronar. 
Det er eit enormt gap mellom fattig og rik i landet, og landet har vore plaga med borgarkrigar  meir eller mindre kontinuerleg i 170 år. Sidan 2004 har det pågått ein fredsprosess, og etter den tid har det vore rolegare og mindre vald i landet enn før. Dei siste vekene har det vore stor framgang i forhandlingane mellom Comorrogeriljaen og regjeringa, og dei er komne fram til ein avtale om fred. Mindre geriljagrupper søkjer også no å få ein slik avtale på plass.

Befolkninga er samansett. 57,8% er euroindianarar, 20% spansktalande kvite, 14% er mulattar, 4% afrikanarar, 1,9% afroindianarar, og 1,6% indianarar.

Religion: 43,7 millionar er kristne, dei aller fleste romersk katolske. 3,5 millionar er evangelisk kristne, det er 7,5% 

Kjelder: Pray for the world, Wikipedia

  • Det er god grunn til å takka Gud for framgang i fredsprosessen, og be om at det må lukkast for partane å koma heilt i mål.
  • Narkotikaproduksjonen aukar. Lovløysa likeeins. Tusenvis døyr av narkotikarelatert vald per år. Kristne vert audmjuka, får eigedomane sine øydelagde og pastorar er stadig utsette for myrderier. Landet har verdsrekord i gatebarn. Det er 3 millionar internt fordrivne menneske i Colombia, og like mange har reist frå landet. 
  • Be om at landet skal bli løyst frå djevelens grep, og proklamer Jesu Kristi herredøme over all vald, hemn, lovløyse, korrupsjon og okkultisme.
  • Den katolske kyrkje er i tilbakegang, man mange kyrkjelydar opplever likevel i denne tida ei sterk karismatisk fornying. Dei evangeliske kyrkjene veks kraftig. Bellavistafengslet i Medellin vart ein gong kalla "helvete på jord." Etter lang tids bøn, faste og forkynning i fengslet, er alt forandra. I dag er det Jesus som rår, og fangane driv kristen radiostasjon og eit bibelinstitutt. Be om at Han som har starta den gode gjerning fullfører den heilt til Jesus kjem att.
  • Dei evangelisk kristne har som mål innan få år å planta 18000 nye kyrkjelydar rundt omkring i landet. Be om at dette må lukkast og ha framgang.
  • Utanlandske misjonærar lever under trugsmål om kidnapping, mord og ran. Be om vern over desse modige sjelene. 
  • Be spesielt om framgang for colombianske misjonærar som prøver å nå indianske stammer og muslimske flyktingar frå Syria, Libanon og Palestina i landet. 
  • Indianarane er utsette for diskriminering og undertrykking. I nokre stammer har evangeliet fått godt fotfeste og desse har sterke kyrkjelydar som driv misjon mellom andre urbefolkningsgrupper. Det trengst bibeoversetting i 25 språk. 15 grupper er totalt isolerte og unådde. Det hender at misjonærar til desse stammene blir kidnappa og frepne. Be om Guds veldige vern over hans trufaste vitner.


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...