torsdag 3. september 2015

Mongolia

A map of Mongolia class=Mongolia er eit stort land med eit areal på over 1,5 millionar kv.km landareal, på storleik med Iran og 4-5 gonger så stort som Noreg. Det bur ikkje meir enn 2,7 millionar menneske der, dei langt fleste er buddhistar, men kristendomen er den suverent raskast veksande religionen. i 1989 var det 4 truande kristne menneske i landet, men i 2010 var dette talet vakse til 40 000, og i dag har det sikkert meir enn dobla seg i høve til dette talet også, dersom vekstraten har vore lik. Dei som kjem til tru på Jesus i Mongolia er av edelt merke. Dei har fått det klårt for seg at Jesus har sendt si kyrkje til verda med evangeliet, og ingen land i verda sender ut så mange kristne misjonærar i høve til folketalet som det Mongolia gjer. Og det fine med desse folka er at dei kun forkuserer på unådde områder.
Buddhismen fekk skikkeleg vind i segla i Mongolia etter at kommunismen fall saman tidleg på 90-talet. Trua blir kombinert med shamaisme og okkultisme, og mongolarane konsulterer gjerne shamamar i samband med sjukdom.
I samband med innføring av marknadsøkonomi vart nokre få personar rike, men dei fleste er fattige, og mange ligg under for alkohol er høg, prostitusjon ein vanleg leveveg og korrupsjonen svimlande. 
Mange misjonar er til stades i Mongolia og jobbar innan helse, utdanning og litteraturspreiing. 

Takk for den makt evangeliet har fått over manges sinn, og for den store kraft Guds rike går fram med i landet. 
Be om at vekkinga skal vara ved og skyta fart til heile landet er gjennomsyra av Guds kjærleik i Jesus Kristus. 
Be om at kyrkja skal bli utrusta til å setja folk fri frå demoniske makter, okkultisme og shamaisme. 
Be om at dei styrande skal bli råka av Guds kraft og ta eit kraftig og avgjerande oppgjer med korrupsjon og urett. 
Be om at Gud skal velsigna mongolarane økonomisk. 



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...