Montenegro er med sine svarte fjell (derav namnet) eit utruleg vakkert land. Lenge var det ein del av Serbia, men er sidan 2006 ein sjølvstendig republikk. Det bur 626000 menneske der. 144000 av dei i hovudstaden Podgorica, ein by som eg var så heldig å få besøkt i 1999. Montenegrinarane er i hovudsak ortodokse kristne, berre 280 menneske tilhøyrer den evangeliske familie. Dei ortodokse er i stor grad nominelle, og det er det sekulære livssynet som veks snøggast i Montenegro no.
Befolkninga er ein miks av montenegrinarar, serbarar og albanarar.
Dei evangeliske er delt i pinsevener, baptistar og "brørne" (dei siste var det som i si tid starta med den prostestantiske heidningemisjonen på 1700-talet, rundt grev Zinzendorf og venene hans på grevskapet Herrnhut i Böhmen). Men dei har god kontakt, deler visjon og står saman om evangeliseringa av landet.
Be om stor kraft og nåde over dei evangeliske kristne, og ein enorm misjonsiver mellom dei.
Be om gode, visjonære leiarar for kyrkjelydane.
Be om harmoni mellom dei ulike folkegruppene i landet.
Be om nytt åndeleg liv i den ortodokse kyrkja, og at dei ortodokse kristne forstår at det berre er frelse i Jesus, ikkje i kyrkjemedlemskap.
Be om økonomisk velsigning over landet.
Be om gode nasjonale leiarar som er ærlege og ukorrupte.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
fredag 4. september 2015
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar