tirsdag 1. september 2015

Moldovia








 Moldovia er klemt inne mellom Romania og Ukraina, og vert rekna som Europas fattigaste land. Dette trass i at landet har mengder av det finaste jordsmonnet som tenkjast kan. Det bur 3,5 millionar menneske der, mest moldovarar, men også ukrainarar, rumenarar, russarar, tyrkarar og bulgararar. Folketalet  søkk med 1% per år.
Moldova er eit jordbruksland med stort uutnytta potensiale. Industri manglar, og det er lite handel.
Den ortodokse kyrkja er dominant og prøver å leggja hindringar i vegen for evangelisk misjon. Politikken er prega av korrupsjon og juks. Transnistriaregionen er dominert av russarar som driv organisert kriminalitet.
3,9% av befolkninga er protestantar. Dei uavhengige kyrkjene veks fortast, over 14% årleg vekst.
Moldovia er eit land med eit godt åndeleg jordsmonn, og svært mange kjem til tru kvart år.
Etter kvart som evangeliet går fram, ser det ut for at det åndelege momentumet også aukar kraftig.

Be om nasjonal einskap, at Transnistria og Gagauzregionen skal koma under full kontroll av sentralregjeringa.
Be mot korrupsjon og organisert kriminalitet
Be om utvikling av næringslivet
Be om Guds velsigning over jordbruket og alt ærleg arbeid
Be om styrking av undervisningsinstitusjonane
Mange, mange kvinner blir utsette for trafficking og sexslaveri, dei vert kidnappa og selde til Hellas og til andre Vest-Europeiske land. Be om at det må bli ein slutt på denne uretten.
Be om at den ortdokse kyrkja skal slutta med å hindra evangelisk misjon, og sjølve venda seg frå ritualisme til levande tru på Jesus Kristus.
Be om at Gud hjelper dei truande i landet med dagleglivets behov. 20 000 av dei har emigrert frå landet dei siste åra.
Be om disippelskap og god leiarutvikling i kyrkjelydane
Be om at Gud skal nå fram til det muslimske mindretalet i landet, og til dei ortodokse kristne av tyrkisk opphav i Gagauz.
Be om eit sterkt misjonssinn hos alle som kjenner Jesus, og at dei skal vera kreative i sitt misjonale liv.



Ingen kommentarer:

Dagens unådde folkelag: Runga i Den sentralafrikanske republikk

  Rungafolket i Den sentralafrikanske republikk tel 30000 menneske. Dei er muslimar, og lever av å dyrka jorda. Rungafolket har sitt eige sp...