onsdag 23. november 2011

Ruqqiya Bibi


Den pakistanske kvinna Ruqqiya Bibi vart for ei tid sidan, saman med mannen sin Munir Masih, dømt til 25 års fengsel for å ha teke i ei koranbok med uvaska hender. Mannen hennar er lauslaten mot kausjon, men Ruqqiya får ikkje nyta godt av den ordninga. 

Far i himmelen, du som er eit fjell og eit skjold for dine barn. Verna Ruqqiya Bibi mot alle overgrep i fengselet, og mot alt vondt som kan skje med henne. Hald motet og trua hennar oppe, og lat ho, i din time, få fridomen sin attende. Herre, miskunna deg. Amen

Ingen kommentarer:

Storbrann i Drammen

 Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt.  De...