mandag 7. november 2011

Nye lange fengselsstraffer i Iran

Mehdi "Petros" Foroutan (27) er dømt til eitt års fengsel for blasfemi mot islam. Grunngjeving: Han har vitna om Jesus for folk.








Pastor Behnam Irani (41) hadde den 17. oktober sona eitt år for "propaganda mot regimet" . To dagar før frigjevinga, vart domen utvida til 5 års fengsel. Stakkars mann. Lat oss be!

Herre Jesus! Du ser kor skuffa pastor Behnam må vera etter den knusande fengselsdomen. Me ber om at denne ikkje må bli ståande, men at han må vinna fram med ein anke.

Styrk begge desse to venene dine slik at dei står faste i trua. Lat ditt nærvær vera over dei og i dei, og gje dei del i den gleda som er i din himmel. Miskunna deg over dei i ditt eige namn. Amen!















Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...