mandag 21. november 2011

Åtak mot kristne i Pakistan

Pakistansk bibellærar og evangelist skoten og drepen.

Den 16. november vart den pakistanske evangelisten Jameel Saawan  skoten og drepen i Karachi. Jameel, som også dreiv ein kosmetikkforretning i Gushlan-e Iqbal området i byen, hadde opna butikken sin onsdag morgon då ein ung mann kom inn i skaut han i nakken og andletet, ei regulær avretting. Sonen, Zahid Jameel, kan ikkje sjå nokon annan grunn for det som hende enn at faren hans forkynte Bibelen. Ein kjenning av offeret, Michael Javed, fortel til Compass Direct at Saawan var ein svært god mann som gjorde mykje godt for lokalsamfunnet, og at han tidlegare hadde hatt mange trugsmål retta mot seg pga sin frimodige kristne aktivitet. 

Far i himmelen! Me takkar deg for alt det gode du fekk gjort gjennom Jameel Saawan medan han levde. Lat den som drap han bli arrestert og stilt til ansvar for ugjerninga si. Trøyst familien til Saawan i den sorga dei no gjennomlever. Gje dei kristne i Pakistan det vern dei treng kvar dag i møte med eit hatefullt samfunn. Styrk dei i trua, vona og kjærleiken. 

Kvinne dømt til 25 års fengsel for å ha tilsmussa Koranen

Den kristne kvinna Ruqqiya Bibi og mannen hennar Munis Masih frå Lahore i Pakistan vart i 2010 dømt til 25 års fengsel for å ha tilsmussa Koranen ved å ta på han med uvaska hender. Mannen hennar vart lauslaten mot kausjon i desember 2010, men Ruqqiya Bibi framleis sit inne. Ho har nyleg søkt om å få koma ut på kausjon, men har ikkje fått svar.
Gode Jesus! Du har kalla alle menneske til å følgja deg uansett kva det måtte kosta. Ruqqiya Bibi og mannen hennar betalar ein høg pris for å kunna vera kristne. Takk at du er med dei i den smerten dei lever i. Me ber om at du skal føra saka deira, at dei skal få ny rettshandsaming og bli frikjent for skuldingane. Så ber me om at dei heilt meiningslause blasfemilovene i Pakistan skal annulerast.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...