mandag 21. november 2011

I dag ber me for Thaifolket og Josef Nadarkhani

 

THAIFOLKET I NORD-THAILAND
Folketal: 7 369 000
Religion: Buddhisme
NT er omsett til thai.
> 2% kristne
Som alle andre theravadabuddhistar blandar dei religionen animistiske ritualer.
Det har vore drive evangelisk misjon mellom dei i 150 år, men responsen har vore beskjeden.


Bøn:
Herre Jesus Kristus! Du veit den rette vegen inn til thaifolket og thaikulturen, og du veit kva som hindrar evangeliet i å nå fram til hjarto til desse menneska. Bind djevelen og kast han ut av liva deira, og utrust dei kristne misjonærane til å tena dette folket effektivt. Herre, miskunna deg i Jesu namn. Amen.

 
MARTYRKYRKJA
Den dødsdømde Josef Nadarkhani har den siste tida vore utsett for stygg tortur. Styresmaktene gjer alt dei kan for å få han til å gje opp trua på Jesus, men Josef står så langt urokkeleg fast. Men han treng bønene våre.
Gode Gud, hald Josef Nadarkhani oppe i trua på Jesus. Gje han styrke til å bera smertene og angsten. Vern livet hans.  Kall mange til å be for han. Herre, miskunna deg, i Jesu namn, amen.

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....