onsdag 23. november 2011

Socotran


Denne stamma bur og lever på øya Socotra utanfor spissen på Afrikas horn. Dei 115 000 socotriane har sitt eige språk som dei kallar soqotri. Ingen bibeldel er omsett til soqotri. Folket der er truleg ein miks av grekarar, portugisarar, afrikanarar og arabarar. Dei er fiskarar og perledykkarar. Socotra har ein særeigen flora og er svært interessant for botanikarar. Øya hadde eit sterkt kristent (nestoriansk) innslag frå 575 til 1600, men er no totalt ikkje-kristent.
Kjære Jesus! Det står skrive at ”kunnskapen og din herlegdom skal dekka heile jorda som havet dekker havsens botn,” men folket på Socotra kjenner ikkje deg og ditt dyrebare ord. Send dine pionerar til denne øya, og gje dei mot og visdom til å dela evangeliet med innbyggjarane der. Hjelp dei som bur der til å finna fram til kristne fjernsyn og radioprogram som kan opplysa dei om deg og den rett som dei har på å få del i di frelse. Tal til dei gjennom syner, draumar og openberringar, og gje dei ein hunger etter meir av deg. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...