torsdag 10. november 2011

Boko Haram til åtak på 9 kyrkjer i Nigeria. 150 kristne drepne

Voice of the Martyrs melder at den Al Qaida inspirerte gruppa Boko Haram den 4. November gjekk til åtak på 9 kyrkjer i det sentrale Nigeria. 150 menneske er stadfesta drepne, men venteleg vil dette talet auka. Abul-Qaqa, ein representant for Boko Haram seier at fleire åtak mot kristne er på veg.

Særleg gjekk det hardt utover byen Damaturu, der det store fleirtalet av innbyggjarane er kristne. “Heile byen er traumatisert,” melder ein av innbyggjarane der. Likevel: Sist søndag trassa dei kristne otten sin og heldt gudstenestene utandørs ved ruinane av dei ned brente kyrkjene sine.

På bilete over ser me pastor David Usman (saman med kona si) som vart drepen av Boko Haram tidlegare i år.

I Nigeria er halvparten av folkesetnaden muslimsk og halvparten kristen. Dei kristne bur i sør og muslimane i nord. Det er i dei sentrale delane av landet at forfølginga mot kristne rasar. Hundrevis vert drepne kvart år, og stadig vert kyrkjer sett fyr på og brent ned.

Bøn:

Takk gode Gud for den einskap og truskap som vert demonstrert av kristne i Nigeria. Me ber deg: Verna dei mot fleire åtak frå muslimske ekstremistar. Gje president Goodluck Jonatahan og hans regjering evne og vilje til verna den kristne befolkninga mot desse gruppene, og at dei får den nødvendige klokskapen i situasjonen. Så ber me om at medlemene av Boko Haram må koma til tru på Jesus og læra han å kjenna. Amen.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...