fredag 25. november 2011

Kristne prylt opp og nokre alvorleg såra i Vietnam


Meir enn eit dusin kristne menn, kvinner og tenåringar vart brutal slegne av ein mannfolkgjeng som gjekk til åtak på huskyrkja deira, Agape Baptist Church, nær Hanoi, hovudstaden i Vietnam, den 13. november.  Alt tyder på at valden er religiøst motivert. 

Huskyrkjeleiarane vart, saman med fleire andre, alvorleg såra. Pastor Nguyen Danh Chau vart slegen medvitslaus, og i tillegg knuste overgriparane møblane i huset, reiv ned eit kross, velta talarstolen og øydela motorsyklane utanfor kyrkja, noko som er eit svært alvorleg tap for dei fire pastorane.
Agape Baptist Church er ei uregistrert huskyrkje med om lag 2200 medlemmer fordelt på 38 forsamlingar. Den øvste leiaren for dette nettverket, Nguyen Cong Thanh møtte dei skada og kunne berre gråta saman med dei over valden som hadde råka. Han sa: ”Kvifor slår dei Herrens tenarar på denne måten? Kva gale har dei gjort, kva fiendar har dei skaffa seg? Alt me vil er å samla menneske for å tilbe Gud og tena våre medmenneske.” 

Jesus, du som fører oss gjennom dødsskuggens dal, og som dekker bord for oss like framfor augo på fiendane våre, sjå i nåde til dei som vart såra under dette åtaket på kyrkja di. Gje dei lækjedom for skadane dei vart påførte, og kraft til å reisa seg å gå målmedvite vidare saman med deg. Me prisar deg for at du som bur i dei, er sterkare enn han som bur i verda. Verna dine truande i Vietnam, og me takkar deg for at du alltid stiller deg mellom dei og fårane som dei står overfor. Amen.  

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...