torsdag 26. februar 2015

Dagens unådde: Tagafolket i India




Mennene i tagafolket var ein gong brahminarar, men er seinare vorte degraderte til bønder (som er eigen kaste i India). Dei lever i det ytste åndelege mørkret, og har så langt vore heilt oversett av kristen misjon. Tagafolket tel 524 000 menneske. Dei er hinduar. Kjelde: Joshuaproject.net

Kjære Far! Sjå i nåde til tagafolket, og send gode kristne menneske til dei som kan dela evangeliet med dei i ord og gjerning. Aus Anden din over dei slik at dei forstår at du er den einaste sanne Gud, at du har skapt dei, elskar dei og har ofra den einborne Sonen din for å frelsa dei frå synd og evig dom. Fri dei ut frå djevelens makt, avslør for dei løgna i det dei har trudd på så langt og lat Sanninga i Jesus setja dei i fullkomen fridom. Må di kyrkje bli etablert og slå rot i tagafolket og verta ei kjelde som di kraft og ditt gode lys strøymer ut over heile India frå. Amen!

onsdag 25. februar 2015

IS-åtak mot 35 assyriske byar i Syria

Den 23 februar gjekk IS overraskande til åtak på 35 assyriske byar nord i Syria. I desse byane er det mange kristne, og 3000 av dei har flykta hals over hovudet til byane Hassaka og Qamishli. 100 kristne menn er tekne som gislar av IS, medan familiane og heimane deira er under strengt vakthald. Det er grunn til å tru IS vil prøva å få nokre av desse mennene utveksla med IS-soldatar som er tekne til fange av kurdiske styrkar.
I følgje  Mar Aprem Nathniel, biskop i den assyriske kyrkja i Aust-Syria, vart Mariakyrkja i Hassaka overfylt av flyktingar kvelden og natta den 23. februar, men alt dagen etter fekk dei flytta inn til bufaste kristne familiar i byen.
Kjelde: World Watch Monitor 25,februar

Kjære gode og mektige Herre Jesus Kristsus! Me vil saman med heile du kyrkja sanna og ropa ut at du åleine er Herre, at du har fått all makt i himmel og på jord, og at ingen våpen som vert smidd mot det skal lukkast. Me veit også at dødsrikekreftene ikkje skal få makt over kyrkja di, ei heller den assyriske. No ber me i ditt eige namn at du sender dine mektige englar ut for å verna og underhalda dine flyktande vener, og setja stengsler og grenser for IS i deira djevelske og dødbringande  planar mot di kyrkje. Amen!

Austerrike



Austerrike eit gjennomgåande katolsk land. Av dei 8,3 millionar menneska som lever i landet, er 6,9 millionar medlemmer i den romersk katolske kyrkja. Kun 0,5% av befolkninga er evangeliske, dvs rundt 40 000 menneske.
Men den katolske kyrkja er i djup krise, særleg pga av alle dei seksuelle skandalane som er blitt avdekte mellom presteskapet dei siste åra. 1% av medlemmene melder seg ut årleg. Av desse blir dei fleste utan kyrkjemedlemskap.
Men i den romersk katolske kyrkja er det ein karismatisk-evangelisk fornying på gong, og det er grunn til å be om at denne må få vind i segla og veksa fram som ei dominerande og reformerande kraft i kyrkja.
Be om at austerikarane skal forstå i djupet av si sjel at dei er syndarar som desperat treng frelse, at Jesus lever og er den einaste vegen til Gud, og at dei skuldar å gje liva sine til han som har all makt i himmel og på jord, er Himmelens Herre og konge over alle kongar og regentar.

"Fyll oss med glede". 8. fastedag 2015

"Me elskar di frelse. Du har frelst sjelene våre  frå øydelegging. Du frelser familiane frå oppløysing. Du løftar sinna våre frå depresjon og fortviling. Du tek vare på oss med tanke på at du ein dag vil gje oss ei enno større frelse. Me elskar den faste og bestemte måten du frelser oss på. Du fortener langt meir enn berre eit tilfeldig "tusen takk" frå nokre få. Fyll byen vår med ei varig takksemd til deg. Me vil at du skal bli godt kjent for alle, udiskutabelt tydeleg, intenst etterfølgt og veldig æra over alt og av alle. Difor ropar me med èi røyst: "Må Gud bli opphøgd i liva våre! Må Jesus Kristus bli opphøgd som verdas frelsar!"

Herre Jesus Kristus! Du tilba Far med lidenskapleg glede. Me vil tilbe slik som du gjorde det, slik at me kan bli fylt med den same gleda som du hadde. Opna augo våre slik at me ser kva det er som er til hugnad for Far. Må Den heilage ande fylla oss, slik han fylte deg, slik at me kan bli eit folk som renn over av glad lovsong til Far. Amen" 

Be i dag om at gleda må bli fornya i truande som strir med depresjon.
Be om at Gud ope må bli tilbedd av hans folk
Be om at kristne må tilbe med glede i krafta frå Den heilage ande.
Be om at Gud inspirerer artistar med kreativitet og visdom som reflekterer Guds venleik, at dei vil søkja Gud og modig følgja Jesus, at arbeidet deira bringer  styrke, godleik og von til samfunna våre. 
Omsett og lett bearbeida til norsk frå bøneappen "Sekk God for the city 2015"

søndag 22. februar 2015

Dagens unådde: Dzalafolket i Butan


Dzalafolket er ekstremt fattig. Å koma inn i deira område er som å flytta inn i Middelalderens Europa. Her har det ikkje vore noko utvikling på lang, lang tid. Dei er tibetanske buddhistar, og verdsbilete deira er heilt annleis enn vårt. Dei kallar seg sjølve for Khomafolket, og språket sitt for Khomakha. Det offisielle namnet er dzalakha. Dette folket tel 15000 menneske. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på dzalakha.

Kjære Jesus Kristus, verdas store frelsar! Bli også ein frelsar for dzalafolket i Butan. Må di kyrkje høyra kallet frå dette folket, gå dei imøte og gje dei evangeliet på deira eige språk. Velsign dzalafolket. Hjelp dei å ta godt vare på barna sine i ei verd som etterkvart vert svært uroleg og påtrengande. Må barna læra seg å lesa og skriva og bli utrusta til å takla utfordringane dei kjem til å møta i liva sine. Fri folket frå alle vonde ånder som vil hindra dei i å koma til Gud, og førebu dei vel for Jesu innmarsj i kulturen. Amen!

Bøn for fastetida V. "Aus Anden din ut!"

"Aus Anden din over oss som ei stille, vedvarande og mektig elv slik at mange sidegreiner begynner å renna gjennom åndelege aude og døde områder i vårt samfunn slik at døde menneske blir vekt til liv ved din Ande. Leid ei stille elv frå himmelen også til vår by. Må din kjærleik oversvømma oss. Bad oss i dine vedvarande straumar slik at det som no ligg latent blir vekt til liv og kan blomstra. Me ber spesielt om at barna våre skal få oppleva dette, og at denne livsstraumen skal haldast ved like over dei slik at dei kan veksa opp til å bli som mektige tre i din hage.

Innta din posisjon i vår by. Løft røysta di slik at kvar person kan høyra kva du seier, du som talar på ein måte som overgår all menneskeleg forstand. Kall oss til å koma. Kall oss til å sløkka tørsten vår i deg. Må mange koma til deg og drikka i djupe drag og leva. Omform alle som trur til å bli bekker av liv, bekker som samlar seg i elvar. Du er kjelda, men lat oss få vera elveleier som du kan senda Andens liv gjennom til mange andre. Amen!"

Elles ber me i dag for alle foreldrelause barn, barn i fosterheimar, om at dei må få permanente, gode, kjærlege og trygge vaksenpersonar rundt seg som elskar Gud. Og me ber om at dei skal bli helbreda for alle sjelelege og fysiske skadar som er blitt påført dei gjennom forsøming, seksuelt misbruk og vald. Me ber også om at søsken ikkje skal bli splitta, men at dei får bu saman, og at alle som etter kvart veks ut av heimane sine skal finna seg gode mentorar og ein trygg plass i Guds familie.

Kjelde: Global Day of Prayer.

lørdag 21. februar 2015

21 bortførte kristne egyptarar halshogne i Libya av IS-krigara

Sources: Middle East Concern, Release International





Dei kristne i Egypt sørger djupt etter at 21 kristne koptarar som jobba i Libya brutalt vart drepne av IS-krigarar. Desse bortførte i desember og januar, og i sist veke vart dei teke med ned på ei strand og halshogne. Dei myrda mennene kom frå Samalutregionen i øvre Egypt, eit område det arbeidsløysa er høg og fattigdomen stor.



Herre Jesus Kristus! Me ber om at du i ditt namn skal hemna drapa på desse kristne mennene. Må IS erfara at dei ikkje kan spotta deg slik dei no går fram.  Må dei få møta deg som Den heilage og veldige Gud som stiller menneska til ansvar for sine ugjerningar, og me ber om at du slik skal frelsa deira arme sjeler. 
Trøyst dei som no sørgjer, og ver ein forsørgar for alle dei enkjene og barna som no har mista forsørgarane sine. 
Må kristne i Egypt halda motet oppe, sjå på deg og ikkje bli motlause i sin sjeler. Amen!


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...