mandag 4. august 2014

Dagens unådde: Labafolket i Kina


Labafolket tel 294000 menneske, og er etterkomarar etter hankinesiske soldatar som gifta seg med kvinner frå Miaofolket (som dei var sende for å nedkjempa). Dei held til i sør-vest, på grensa mot Burma. Dei snakkar mandarin, og lukkelegvis er heile Bibelen tilgjengeleg på dette språket. Det er då også nokre få Jesustruande mellom dei, men under 2% , som, etter det eg forstår, er kriteriet for å kallast "unådd".
Labafolket er animistar med fedredyrking som eit hovudelement i trua.

Kjære Herre Jesus, verdas frelsar. Vekk ein hunger i labafolket etter å bli kjent med deg og ditt ord. Rør ved dei med din Ande slik at dei begynnar etterspørja Bibelen, og må Ordet ditt lysa for dei og syna dei vegen til deg og di frelse. Hjelp dei truande i folket å leva heilage liv, og modig vitna for sine eigne om deg, og må vitnemålet deira vera såkorn i fruktbar jord. Send di vekking inn i labafolket, og bygg ditt rike og di kyrkje mellom dei slik at dei i sin tur kan bringa ordet ditt vidare til andre unådde folkeslag med same språk. Amen! 

søndag 3. august 2014

Nord-Korea


Nord-Korea er verdas mest isolerte nasjon. Kim Il Sung starta i 1948, med Joseph Stalins hjelp, ein revolusjon der målet var å leggja heile den koreanske halvøya under kommunismen. Det førte Koreahalvøya inn i ein beisk borgarkrig som i 1953 enda med deling av landet. Grensa mellom Nord og Sør-Korea er i dag vakta på det aller strengaste.
Sør-Korea opna seg mot verda og vart ein framgangsrik nasjon. Nord-Korea isolerte seg meir og meir, og er i dag eitt av verdas fattigaste områder. På 90 talet døydde 3 millionar menneske av svolt. I dag lid dei fleste av dei 24 millionar innbyggjarane av feil-og underernæring.
All religionsutøving er strengt forbode, bortsett frå dyrking av den Kim Il Sung, som døydde for mange år sidan. Bilete og statuar av han er finna over alt.
I 1907 vart hovudstaden Pyongyang heimsøkt av ei mektig kristen vekking, og vart då kalla "Austens Jerusalem". I dag vert kristne forfølgde på den strengaste måten, og over 100 000 er internerte i arbeidsleirar. Men evangeliet har sine vegar. Guds ord vert smugla inn på ulike smarte måtar, og stadig blir folk frelst. Det er grunn til å tru at desse strimene av lys varslar ein ny dag for Nord-Korea.
Etter av Kim Jung Il, sonen til Kim Il Sung, døydde vart makta overført til den no 30 år gamle Kim Jung Un. Etter maktovertakinga er situasjonen enno verre for dei kristne enn før. Un er ei hard nøtt. 

Gode Gud og Far! Du er den einaste sanne Gud, også for menneska i Nord-Korea. Må ordet ditt nå fram til vanlege folk i landet og gje dei ein mektig smak av sann fridom og kjærleik. Du ser hungeren og vanstyre, du ser all fortaptheit, må alt dette få ein ende, og landet opna seg mot himmelen og mot resten av verda. 
Herre, styrk alle dine barn i Nord-Korea slik at dei kan overleva som kristne gjennom  farlege tider. Takk at du er med desse slik du var med Daniel og venene hans i Babylonia. 
Jesus, vår lege, leg Nord-Korea, og bind og driv bort dei vonde åndsmaktene som knugar menneska og som fører dei djupare og djupare inn i mørkret. Me ber om ein ny dag for Nord-Korea der menneska kan få kjenna på den sanne himmellukka som berre du kan gje oss menneske. Bygg opp kyrkja di som ei mektig grasrotrørsle i dette landet som endrar det frå innsida, og må under og teikn skje overalt der kristne bevegar seg, og krafta i kjærleiken og audmjukheiten vinna over krafta i hatet og hovmotet. Amen!


Folk som bøyer seg og tilbed Kim Il Sung og sonen hans Kim Jung Il. Dette er som henta ut frå Daniels bok.

fredag 1. august 2014

Forbod mot open praktisering av kristendomen i Chhatisggarh, India

Delstatsforsamlinga i Chhatisggarh har vedteke ei lov som seier at kvar landsby kan nekta religiøse minoritetar (ikkje-hinduar) å uttrykka trua si offentleg. 50 landsbyar har alt innført denne ordninga. Dei som bryt lova blir nekta tilgang til reint vatn og dei får heller ikkje lov å kjøpa livsnødvendige varer. Det er elles bestemt at alle som vil byta tru, må søkja styresmaktene om lov. Svaret skulle det vel vera lite tvil om.

Kjære Herre Jesus! Me ber i dag for våre gode søsken i Chhatisggarh.  Dei møter seriøse vanskar. Må du hjelpa dei å halda fast ved deg inntil enden. Når du er med dei, spelar det liten rolle kven som er imot dei. Ingenting i denne verda skal kunna skilja dei frå Guds kjærleik i deg. Me ber i ditt namn om at du skal forsørga dine på ditt eige vis, og at du skal finna vegar for dei som er skjulte for fienden. Amen!

torsdag 31. juli 2014

Alimujiang Yimiti


Pastor Alimujiang Yimiti er uighur. Han vart arrestert i februar 2008 fordi kinesiske styresmakter meiner han er ein tryggleiksrisiko, og fordi han har hatt kontakt med framanda makter. Harn er dømt til 15 år i fengsel. Kona Gulinuer og dei to barna deira får besøka har 15 minuttar annankvar månad.
Alimujiang er pastor for dei ytterst få kristne uighurar som lever i Xinjiangprovinsen nordvest  i Kina. Uighurane er eit tyrkisk folkeslag. Dei tel 10 millionar menneske, og det store gross er muslimar. Berre 50 er kristne. Det har vore mykje opprør mot styresmaktene mellom uighurane, men det føreligg ingen prov for at Alimujiang har teke del i slikt. Kombinasjonen uighur/kristen leiar er god nok grunn for kinesarane til å fengsla folk.
Den siste rapporten frå Gulinuer er at Alimujiang er blitt veldig tynn og bleik, men at trua hans er sunn og frisk. 
Meir info finn du på http://www.prisoneralert.com/pprofiles/vp_prisoner_185_profile.html
Der kan du også få rettleiing for korleis du kan skriva eit oppmuntringsbrev til Alimujiang.

Gode Far! Takk at du er saman med Alimujiang i fengslet, og at du også forsørger Guliuner og barna deira. Du ser all naud og trengsle, og tek det i di hand. I dag vil me enno ein gong be og rettferd og fridom for Alimujiang og hans familie. Høyr vår bøn og grip mektig inn, i Jesu namn. Amen!

Ebolaviruset herjar i Vest-Afrika


Ebolaviruset er ekstremt smittsamt. 90% av dei som vert smitta døyr. Liberia, Guinea og Sierra Leone er så langt råka. Over 700 er døde. Spreiingsfaren er overhengande. "Leger uten grenser" gjer ein stor innsats for å avgrensa og førebyggja epedemien som i dag er heilt utav kontroll. La oss be:

Vår Herre Jesus Kristus! Må folka i Sentral-Afrika læra deg å kjenna som både lege og frelsar. Dei treng å venda om frå sine synder og fornekta djevelens gjerningar og vesen slik at du kan lega og trøysta dei. Så ber me om effektivt smittevern for alle helsearbeidarar som hjelper dei sjuke.

søndag 27. juli 2014

Kazakhstan


Kazakhstan er med eit flatemål på 2,7 mill kv.km. det 9. største landet i verda. Det bur om lag 16 mill menneske der, 3,5 millionar kazakhar bur i andre land. Over 65 % av befolkningar er tyrkarar (tyrkarane i Tyrkia kom frå sentral-Asia seint på 1200-talet), resten er stort sett russarar. Enorme olje og mineralressursar har gjeve landet ein enorm økonomisk vekst dei siste tiåra. 53,7% av befolkninga er muslimar. Dette er "folkeislam" iblanda shamanisme.  33% ikkje-religiøse medan 13% er kristne, dei aller fleste ortodokse. 0,8% er protestantar. Stadig strengare religionslover har resultert i tilfelle av forfølging av evangeliske kristne. Likevel har det vore ein bemerkelsesverdig stor vekst mellom desse frå null i 1990 til 15000 i 2010. Dei profiterer mykje på einskap mellom dei truande og effektiv nettverkbygging.

Kjære, gode Jesus! Me takkar deg for det gode du er i gong med i Kazakhstan, og at du vil fullføra ditt verk i dette landet heilt til du kjem att i herlegdom for å døma levande og døde. Må du vakta dei truande mot materialisme og begjær. Styrk dei mektig med din Ande slik at din karakter og di kraft kjem til uttrykk i liva deira. Hald motet oppe hos dei når dei får vanskar med styresmaktene, og må dei akta det for ei glede når dei må lida for deg. Må alle som bur i Kazakhstan få evangeliet presentert for seg på ein slik måta at dei har ein reell sjanse til å seia ja til deg og nei til synda og djevelen. Me ber i ditt namn. Amen!
Kazakhstan kan by på høge fjell og vakker natur.


Dagens unådde folkeslag: Mongolar i Kina (Perifere mongolar)

  Foto: Montesclelia- Pixabay Folketal: 5 545 000  Religion: Buddhisme   Språk: Mongolsk   Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motst...