fredag 6. mars 2015

Belgia


Belgia er eit land på 30528 kv.km. I hovudstaden Brussel ligg EU og NATO sine hovudkvarter. Det bur om lag 11 millionar menneske i landet. Landet er djupt splitta mellom fransktalande Vallonia i sør og det flamsktalande Flandern i nord. Flandern vil gjerne kvitta seg med Vallonia, som dei ser på som ei økonomisk bør som dei ikkje vil draska på.  62% tilhøyrer eit kristent kyrkjesamfunn,  i hovudsak den romersk katolske kyrkja.  32% er ikkje-religiøse. Berre 1,2% dvs 132 596 menneske er evangelisk kristne. Likevel er denne delen av kyrkja i jamn vekst, og står sterkare no enn på lenge. Dette er eit resultat av mange års systematisk satsing og trufast arbeid i lokalmiljø, og stor vektlegging av einskap mellom kyrkjer i den protestantiske leiren.
Innvandring har revitalisert mange evangeliske kyrkjer.  I dag er det t.d 100 evangeliske kyrkjer i Antwerpen i høve til 10 i 1970.
Belgia har historisk vore trakka ned av utallige hærar på marsj mot andre mål, og det er spilt mykje blod i dette landet,  både under verdskrigane i sist århundre, men også under Napoleon (Waterloo), og det var i Belgia at dei spanske inkvisitorane knuste dei protestantiske hugenottane. Det var ei stygg sak.
Den katolske kyrkja er i dag i fritt fall i landet, m.a. som eit reultat av pedofiliskandalane dei siste åra. 7% går jamnleg til messe. Gjennomsnittsalderen på prestane er 65 år.
Landet er sterkt sekularisert, noko som har frambrakt mange lover som er i opposisjon til Bibelens ideal og standard. Det gjeld på samlivsområdet, i høve til bruk av narkotiske midlar og synet på abort og aktiv dødshjelp. Etisk oppløysing fører alltid til oppløysing av relasjonar.
I tomrommet etter Gud, veks New-Agerørsler fram. Religion utan forplikting og oppgjer, høver godt for menneske.
Bibelen er nyleg gjeven ut på dei levande språka i landet. Det gjev von.

Kjelder: Operation World og Prayercast.com
  • Be om at kyrkja må vera ein effektiv brubyggjar og ein god link mellom vallonarar og flamlendarar slik at landet ikkje går i oppløysing.
  •  Be om at Jesu blod skal lækja alle sår og merker etter alt anna blod som er blitt spilt i dette landet gjennom historia. 
  • Be om vekking i landet, at gamle åndelege røter igjen skal begynna å spira. 
  • Be om at den katolske kyrkja skal bli reinsa og attreist som ei sunn åndeleg kraft i folket
  • Be om at dei nye bibelomsettingane skal bli lest av folk slik at dei kan bli kjende med Guds gode vegar, bli kjende med hans kjærleik og slått med beundring av hans herlegdom og autoritet.
  • Be om godt leiarskap i kyrkjene, og at unge menneske igjen skal bli kalt til disippelskap og sjå for seg eit liv som mentorar for andre, og at det skal stå fram kvinner og menn sendt av Gud til å vera nasjonale åndelege leiarar. 
  • Be om nytt liv i dei gode teologiske institusjonane i landet.




Dagens unådde: Zaysefolket i Etiopia


Zaysefolket er venlege og rause menneske som lever i eit lite område heilt sør i Etiopia, ikkje så langt frå grensa mot Kenya. Dei er skeptiske til framande og vil ikkje ha så mykje med dei å gjera.  Dei er animistar, trur på ein allmektig himmelgud, men han er utilgjengeleg for dei, og dei prøver å verna seg mot vonde ånder, "zar",  så godt som dei kan. Heile naturen er besjela, og dei går i stadig angst for å bli forgjorde av åndene. Zaysefolket tel 25000 menneske og snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er omsett til zaysete. Dei er heilt ukjende med evangeliet om Jesus Kristus.

Kjære Herre Jesus! Sjå i nåde til Zaysefolket i Etiopia, og send dine gode og trufaste tenarar til dei for å overbringa dei gode nyheitene om deg til dei på sitt eige hjartespråk. Fri dei frå synda og domen og frå dei vonde åndene som plagar dei. Må du bli ei sikker borg for dei. Lat dei i deg få kjenna seg hundre prosent trygge for all vanlagnad. Må dei erfara din store godleik, og berre kjenna seg etterjaga av den. Må di kyrkje bli etablert som eit mektig lys som fordriv alt møkre i dette folket, og gjer dei til eit folk som ikkje berre har nok med seg sjølv, men som også blir eit misjonerande folk. Amen!

Bøn for 17. fastedag

"Mektige Messias!
Du døydde for å bryta vondskapens herrevelde, og du fòr opp til himmelen for å setja fangar fri. Du åleine er krona med makt over alle fiendar. Me ber deg: Utvid di regjeringsmakt til også å omfatta våre lokalsamfunn. Bryt dei demoniske kreftene som held folk fast i synd. Gjer det slik at dei krigsfangane som dei har teke høyrer Ordet ditt og reiser seg opp for å følgja deg. Forløys dei til å bli ein generasjon av frigjorde tilbedarar, omstråla av frisk heilagdom som dogg i morgonroden. Amen"

tirsdag 3. mars 2015

Bangladesh




Bangaldesh er eit lite land i utstrekning. Berre tredjeparten av Noreg. Likevel bur det over 164 millionar menneske der. Dei er for det meste svært fattige. Islam er den dominerande religionen. Men mange er også hinduar. 1 million er kristne, av desse vel 600 000 evangeliske. Landet vert årleg råka stygt av monsunregnet, og flaumar er ein del av livet.

Gode Gud! Me ber i Jesu namn om at alle som forkynner evangeliet i Bangladesh skal lukkast i sitt arbeid. Må di kraft koma til dei, prega tenesta deira og gjera dei i stand til å bringa ditt rike nær til dei innfødde.
Må kampen mot fattigdom, undertrykking, urett og korrupsjon bera fram.
Hjelp folk å finna gode måtar å verna seg mot flaumvatn på. 
Må alle ureine ånder som pregar folks høve til seksualitet blir fordrivne i Jesu namn.
Må kyrkja di bli sterk, vital og sigrande.
Reis opp åndelege leiarar i landet med kunnskap og integritet, og som er fulle av Kristi kjærleike og Andens kraft.   Amen!

 





mandag 2. mars 2015

Sudanesisk kristen songar drepen i Sudan


Neima Adrias Idris (49), ei kjend kristen sangerinne og mor til seks vart drepen av arabiske sudanesarar i Nubafjella i november 2014. Arabarane held på med etnisk i desse områda og vil ha bort dei svarte. Neima nekta å flykta og vart drepen då heimen hennar vart råka av ei bombe.
Den siste plata ho spela inn har tittelen "Å bygga fred, tilgjeving og forsoning".


Kjære Herre Jesus! Takk for Neima Adrias Idris, og for alt du fekk gje verda gjennom hennar liv. No er ho heime hos deg. Me ber: Styrk mannen og barna som lever att etter henne. Trøysta dei i den djupe sorga, og hjelp dei å halda fram med å tru på deg og gå på dine vegar trass i smerteleg tap. Takk at di kyrkje i Sudan er i dine hender. Fyll henne med kraft og nåde til å sigra over dei vonde kreftene som rår i samfunnet og som vil hindra ditt rike å koma og det gode å skje. Amen

søndag 1. mars 2015

Dagens unådde: Penghulufolket i Indonesia


Penghulufolket i Indonesia tel 26000 menneske. Dei bur på Sumatra, den minst evangeliserte delen av Indonesia, og er kjende for å vera flinke handverkarar som m.a. lagar dørmatter, skåler, flettakorger, kornsikter, øksar, knivar, kløyvarar og borkereidskapar.
Penghulufolket er muslimar, men i kvardagen brukar dei mange animistiske ritualer som heng att frå den gamle trua deira. Språket deira er minangkabu, og dei har tilgang til Det nye testamentet på språket sitt både i tekst og lyd, og dessutan er Jesusfilmen omsett til minangkabu.
Det er ikkje registrert nokon kristne enno frå penghulufolket.

Kjære Herre Jesus! Takk for dei strålande planane du har for penghulufolket. Dei skal tilbe og æra deg som Gud, frelsar og Herre, og dei skal vera lysande representantar for deg og for himmelriket  i Indonesia. Må den tida koma snart, Herre. Lat det lukkast. Gje frelse. Må ordet ditt bli lest og lytta til, og Jesusfilmen bli synt og sett, og må ordet ditt gripa hjarto, vekka i dei ein djup lengsel etter Gud, framkalla anger og sorg over synd, driva dei til krossen din der dei får leggja av alle børene sine og erfara fridomen i deg. Kom Heilag ande til penghulufolket og gjer din mektige gjerning i folket og i den enkelte. Flytt inn i dei og gjer dei til Guds barn av nåde. Amen!

12. dag i faste. Kall menneska til alvorleg omvending

"Herre!
Du søker oss alltid. Men det finst tider då du plutseleg og på ein heilt avgjerande måte dreg menneske nær til deg. Gje denne byen ei slik tid. Fri folk frå alle tankar om å forsvara seg sjølve, tankar som blindar dei og bind dei til dei vonde vegane dei går på. Du kjenner dei som i denne augneblinken er klar for å opna liva sine for deg. Snart vil dei anten velja å følgja deg eller gløyma deg.  Kom nær til dei etter kvart som dei nærmar seg deg. Overtyd dei tvilande hjarto deira om din overveldande kjærleik.

Mange har høyrt evangeliet før, men dei har stått deg imot. Me kallar på din nåde og ber deg om å gje dei enno ein sjanse. Ikkje tillat dei å snubla seg vidare i livet med harde hjarto som er blinde for din herlegdom. Opna augo deira for din venleik og øyro deira for din visdom. Opna hjarto deira slik at dei kan merka din lidenskaplege kjærleik, og når dei opnar seg for deg, kom til dei og gje dei lækjedom og omvending. Amen!"

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...