søndag 1. mars 2015

Dagens unådde: Penghulufolket i Indonesia


Penghulufolket i Indonesia tel 26000 menneske. Dei bur på Sumatra, den minst evangeliserte delen av Indonesia, og er kjende for å vera flinke handverkarar som m.a. lagar dørmatter, skåler, flettakorger, kornsikter, øksar, knivar, kløyvarar og borkereidskapar.
Penghulufolket er muslimar, men i kvardagen brukar dei mange animistiske ritualer som heng att frå den gamle trua deira. Språket deira er minangkabu, og dei har tilgang til Det nye testamentet på språket sitt både i tekst og lyd, og dessutan er Jesusfilmen omsett til minangkabu.
Det er ikkje registrert nokon kristne enno frå penghulufolket.

Kjære Herre Jesus! Takk for dei strålande planane du har for penghulufolket. Dei skal tilbe og æra deg som Gud, frelsar og Herre, og dei skal vera lysande representantar for deg og for himmelriket  i Indonesia. Må den tida koma snart, Herre. Lat det lukkast. Gje frelse. Må ordet ditt bli lest og lytta til, og Jesusfilmen bli synt og sett, og må ordet ditt gripa hjarto, vekka i dei ein djup lengsel etter Gud, framkalla anger og sorg over synd, driva dei til krossen din der dei får leggja av alle børene sine og erfara fridomen i deg. Kom Heilag ande til penghulufolket og gjer din mektige gjerning i folket og i den enkelte. Flytt inn i dei og gjer dei til Guds barn av nåde. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...