Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
lørdag 3. september 2011
Jødar i Israel
Jødar som er fødde i Israel vert kalla sabrajødar. Sabra er ein kaktus med piggar og tjukk hud med eit søtt innhald. Slik beskriv desse jødane seg sjølv. Jødane er Guds nøkkelfolk. Har alltid vore det. Det er resistense mot evangeliet, men i stadig mindre grad. Paulus skriv i Rom.11 at det vil bli liv av døde for verda den dagen dei tek imot Jesus. Det skjer i aukande grad, men enno i så liten grad at dei kjem inn under unådde folkegrupper. Den største hindringa for Gud synest vera at jødane opplever sin jødiske identitet truga dersom dei vender om til Jesus.
Herre Jesus! Du er ein del av jødefolket, ja du er deira Messias, deira rette konge. Send over dei bønas og nådens Ande slik at dei ser opp til deg som dei har gjennomstunge, og gret sårt over deg og opnar hjarto sine for deg og får oppleva atterfødinga sitt under og Guds barns fridom.
fredag 2. september 2011
Moldova
Moldova med sine 3,5 millionar innbyggjarar er det fattigaste landet i Europa. Arbeidsløysa er på over 60%. Alkoholismen er omfattande, og 25% av dei arbeidsføre, reiser utanlands. Alt dette hindrar oppbygging og utvikling av landet. Likeeins den uløyste konflikten med Transnistria i aust, området rundt elva Dniestr som har sagt seg sjølvstendig. Moldovarane er ortodokse, men dei evangeliske kyrkjene er i sterk vekst, 3,2% årleg. Nye kyrkjelydar vert stadig etablerte. Moldova har eit svakt og korrupt politisk leiarskap.
Far, i himlen! Takk for alt det gode du gjer i Moldova, for alle som blir kristne og for alle nye kyrkjelydar. Bevar dei i trua på Jesus, utrust dei med dine gåver og hjelp dei leva heilhjarta og åndsfylte kristenliv. Gje landet nye leiarar som kan føra dei ut av den økonomiske og finansielle krisa. Driv mismotet bort frå landet, og hjelp folket å ta eit kraftig oppgjer med alkoholforburket sitt. Gje alle foreldrelause barn gode heimar å bu i. Lat det gå Moldova vel. Eg velsignar landet i Jesu namn. Amen.
tirsdag 30. august 2011
Jotonifolket i Mali
Jotonifolket i Mali tel 16000 menneske, og lever under tøffe livsvilkår i eit land som ofte er heimsøkt og utarma av tørke, svolt, forørking og grashoppeplager. Mali har, trass i det store muslimske fleirtalet, religionsfridom.
Jotonifolket er animistar. Dei snakkar jowulu, bambara og fransk.
Det er ingen i dette folket som kjenner Jesus.
Herre Jesus Kristus. Me har forsømt å gje jotonifolket evangeliet. Tilgje oss dette, og hjelp oss som kyrkje å ta ansvar for desse vidunderlege menneska som du har skapt og frelst med ditt eige blod. Send Anden din til dei og gjer dei klare til å ta imot evangeliet når dine utsendingar kjem. Etabler ei sterk og levande kyrkje i dette folket.
Hjelp dei å ta vare på familiane sine, og velsign dei med reint vatn, nok mat, lyd for vind og vær og skular for barna. Me ber i ditt eige namn, du som seier at du vil syna miskunn mot dei fattige og trengande, og berga liva til dei som er i naud. Amen!
Jeg priser deg som kom,
Jeg priser deg som kom til meg lenge før jeg kjente deg og visste hvem du var. Jeg takker deg for at du bøyde deg ned over meg og tok meg i din favn og døpte meg. Jeg takker deg for at du er kommet til meg dag etter dag, for at du har søkt meg opp og fulgt meg. Jeg takker for at du er den som kommer, for at hver dag som ligger foran meg, er din, også min dødsdag, jeg takker deg for den store dagen da du skal komme i din herlighet. Du som er den samme i går og i dag og til evig tid, min Frelser og min Konge. Amen. Kom, Herre Jesus!
mandag 29. august 2011
Yousef Nardarkani
I 2009 vart den iranske pastoren Yousef Nardarkani dømt til døden for apostasi og "tankebrotsverk". Den siste tida har det versert rykter om at Høgsterett hadde oppheva dødsdomen. Dette viser seg ikkje å vera tilfelle. Han vil berre få amnesti dersom han fråseier seg trua på Jesus, noko som er heilt uaktuelt for denne heilstøypte mannen.
Kjære Herre Jesus Kristus! Enno ein gong vil me be deg om styrke og vern for denne tapre heilstøypte tenaren din. Ver han nær, og lat han fryda og gleda seg i deg midt i trengslene sine. Me veit at du kan gjera han fri så lett som berre det, at ingen kan røra han utan at du gjev dei lov til det, og at han berre vert sitjande der han er så lenge det fremjar din plan. Men me vil be om at du vernar livet hans, og at du talar på ditt sterke vis til motstandarane hans slik at dei forstår at Yousef tilhøyrer deg, og at dei pådreg seg din vreide ved å røra han. Amen.
Temne Banta i Sierra Leone
Dei 54 000 menneska som tilhøyrer denne folkegruppa kjem opprinneleg frå Guinea som ligg nord for Sierra Leone. Dei er muslimar med iblanda afrikansk folketru, bur i eit vanskeleg tilgjengeleg område, og me kjenner ikkje til ein einaste kristen mellom dei.
Gode Herre! Fjerna alle hindringar for ditt rike i Temne Bantafolket, og grunnlegg di kyrkje mellom dei. Forløys dei frå djevelens makt, og alle dei syndene som dei ligg under for. Lat dei personane som du snart vil føra til tru stola fullt og fast på deg og ditt fullbrakte verk på krossen, og gje dei del i Den heilage andens kraft slik at dei vert sigrande kristne. Amen!
fredag 19. august 2011
Madagaskar
Madagaskar er 587041 kv.km stor og har eit innbyggjartal på 20 millionar. Landet er svært fattig og ligg på 11. siste plass på denne statistikken. Avskoging har ført til erosjon som har vaska ut mykje god matjord. Landet har vore vanstyrt i mange tiår, og i dag er over 50% analfabetar. Korrupsjon og politisk uro er vidt utbreitt.
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...
