Madagaskar er 587041 kv.km stor og har eit innbyggjartal på 20 millionar. Landet er svært fattig og ligg på 11. siste plass på denne statistikken. Avskoging har ført til erosjon som har vaska ut mykje god matjord. Landet har vore vanstyrt i mange tiår, og i dag er over 50% analfabetar. Korrupsjon og politisk uro er vidt utbreitt.
Midt oppi dette veks kyrkja. Den Heilage Ande bevegar seg sterkt mellom studentar, ungdomar og lekfolk pga framveksten av små huskyrkjer. Desse er karismatiske og uglesett både av staten og andre kristne.
Men det er også vekst mellom muslimane. I tilhøyrer meir enn 53,53% av menneska ei kristen kyrkje. 37,6% bekjenner seg til gamal folketru medan 8% er muslimar.
43% av befolkninga er under 15 år.
Gjennom Det Norske Misjonsselskap har Noreg gjennom mange år drive misjon på Madagaskar. Ei frukt av denne innsatsen var profetkvinna Nenilava som eg sjølv fekk gleda av å høyra i Trefoldighetskirken i Oslo i 1974 (eller 73).
Det har vore mange sterke vekkjingar knytta opp til protestantisk misjon: 1895, 1941, 1948 og på 1980-talet. Lækjedomsunder og demonutdriving er daglegdagse ting for dei kristne på Madagaskar. Konfrontasjon mellom lys og mørkre pregar dagleglivet.
Det er eit desperat behov for bibelundervisning, disippelskap og leseopplæring mellom nye kristne.
Be om mogne kristne som legg ned liva sine for å møta desse behova.
Kyrkjelivet er elles prega av splitting mellom kyrkjesamfunn, stolthet og sjalusi hos leiarane.
Be om at dei bøyer seg for Gud, tek oppgjer med fiendskapen, audmjukar seg for kvarandre og søkjer kristen sameining. Be også at Gud lækjer såra som denne mangeårige fiendskapen har forårsaka, og at dei lærer seg å stå imot Satan også på det etiske området.
Mange pastorar er teologisk underskolerte. Be om ein ny giv i det å utvikla solid utdanning av kristne leiarar.
Dei store kulla av unge menneske er ei stor utfordring.
Be om vidare utvikling av søndagsskulen og av katekismeprogram som kan føra ungdomane inn i eit liv i tett etterfølging av Jesus.
Store områder av landet er totalt unådd. I nord finn me ei blanding av islam og animisme og i sør rein animisme. Mange av områda er svært utilgjengelege, og det kviler eit tungt mørkre av sjamanisme og demoni over dei menneske som lever der.
Be om apostlar som kan etablera bruhovud for Guds rike i desse folka, menneske som er utrusta til å bringa Guds lys inn i tett mørkre, ogbe om at Guds kyrkje må få slå røter i alle regionar.
Bibelen eller deler av han er omsett til 8 språk. 6 språk har ingen omsetting. Det er stor mangel på kristen litteratur tilgjengeleg på alle innfødde språk, inkludert det største: Malagasi.
Be om produksjon av kristen litteratur på dei ulike språka, at Gud skal stimulera folket sin intellektuelle nysgjerrigheit og lysta til å læra seg lesekunsten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar