mandag 28. august 2017

Dagens unådde: Mahratta, India


Folketal: 32 242 000

Språk: Marathi

Religion: 99,33% hinduisme, 0,00% kristne.

Mahrattafolket tilbed Shiva og ei mengd med lokale gudar knytta til familiane.

Mahratta er eit høgkastefolk som eig og  kontrollerer store landområder på den indiske landsbygda. Dei er stolte over arven og kulturen sin, og ser gjerne ned på andre menneske.

Heile Bibelen er omsett til marathi.

Herre Jesus! Sjå i nåde til mahrattafolket, og send dine trufaste tenarar til dei for å hausta dei inn i ditt rike. Aus Anden din utover dei og syn dei klårt og tydeleg at alt det som dei ser på som stort, er smått i høve til det å vera elska av Deg. Gje dei nåde til å snu seg bort frå avgudane, sanna syndene sine og leggja av alt som hindrar dei å få del i det evige livet. Gjer ditt gode ord kjent for dei, skap i dei ein hunger og tørst etter deg, den einaste sanne Gud, og løys dei frå demoniske makter som bind dei til djevelen og hans lagnad.

Herre! Me ber om at du skal grunnleggja og byggja di kyrkje i mahrattafolket, ei kyrkje som gjev menneska eit klårt bilete av kven du er og kva du er god for. Reis opp apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar mellom dei, kraftfulle, varme og gode leiarar som kjenner deg og ditt ord, og som brenn for di ære og ditt rikes framgang. Amen!








Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...