Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 11. april 2016
Tsjetsjenarane i Russland
Det bur 1,3 millionar tsjetsjenarar i Tsjetsjenia. Dei er eit krigarfolk med sterke band til islam. På 600-talet kom evangeliet til dei, og kristendomen var kanskje den dominerande trua mellom dei inntil dei vart introdusert for islam på 1700-talet. I dag er det omtrent ingen kristne tsjetsjenarar att i Tsjetsjenia.
Tsjetsjenarane lever i eit klanbasert samfunn. Under 2.verdskrigen kjempa dei i den raude armeen mot Tyskland. Etter krigen vart dei løna for innsatsen med at Stalin fekk mennene deportert til Sibir. Dei fekk ikkje venda heim att før i 1968. Tsjetsjenarane hatar Russland og russarar heilt inntil ryggmargen. Etter 1991 prøvde dei å riva seg laus frå Russland, men russarane svarte med ein fælsleg krig som la regionen i ruinar. Slik er det i stor grad enno.
Dette feilsteget frå russisk side har fødd fram mykje terror frå tsjetsjensk side som har råka mjuke mål i Russland.Landet blir i dag styrt av ein president og ein statsminister (Kadyrov og Chiliev). Dei er innsett av Kreml, og begge to er vel det me trygt kan kalla forbryterske element. Dei er moralsk grenselause, og går ikkje av vegen for noko middel for å nå sine uedle mål. Politiske drap høyrer med til dagens orden.
Å driva misjon i Kaukasus er ufatteleg utfordrande. Her trengst det mykje bøn.
Be om at Gud skal gjera noko heilt nytt i Tsjetsjenia, at hans godleik skal bli gjort kjent for tsjetsjenarane, at hans lys skal fløyma over dei , lækja dei og frelsa dei.
Be om at det skal finnast vegar for den tsjetsjenske Bibelen ut til folket, og at han skal bli lesen med stor iver.
Be om at Jesus skal syna seg for dei gjennom syner, og draumar, og at han skal ausa Anden ut over dei og velsigna dei med lækjedom og glede.
Be om at det skal bli etablert sterke og vitale tsjetsjenske huskyrkjer.
Be om kristne leiarar i dette folket som kan visa folket vegen til Far og formidla sann åndelegheit og ein moral bygd på sanning og miskunn.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ei bøn for Israel under åtak
• Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! • Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...
-
Hellas er eit land på 132 000 kv km og med eit folketal på vel 11 millionar. Dette landet har ein overmåte rik kulturarv frå antikkens tid, ...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Dag 2 (7. mai) – Egypt kjelde: www.30dagersbonn.no Gjestfrihetens tradisjoner i forandring Egyptiske kristne server gratis ifta...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar